Velkomen til ny heimeside!

Vågå fjellstyre ynskjer velkomen til ny heimeside. Sidan 2005 har Veslum Media teke hand om utforming og drift av heimesida til Vågå fjellstyre, på ein måte vi har vore svært godt tilfreds med. Saman med mange andre fjellstyre, og Norges fjellstyresamband har vi nå valgt å inngå avtale med Gasta om utforming og drift av heimesida vår. Brukarane vil kjenne att mykje av innhaldet, og vi er godt tilfreds med korleis den nye heimesida ser ut. Det er att litt arbeid før vi er heilt i mål, det manglar m.a. nye bilder på enkelte plassar, men det meste skal vera på plass. Målet er at alt av tekst skal vera oppdatert, og evt. feil skal vera borte før helga. Vi set pris på å få attendemelding om det skulle vera noko som ikkje fungerer. Og skulle det vera nokon som har gode bilder vi kan få bruke er vi glade for det.

Erik Myrum