Jakt på smårovvilt i Vågå

 
017.jpg

Vågå fjellstyre sette vinteren 2013 i gang eit arbeid saman med dei fleste andre grunneigarar/ grunneigarlag i kommunen, med eit mål om å få laga eit felles jaktkort for jakt på smårovvilt. Målet er å få meir felling av smårovvilt gjennom å heve interessa for, og kunnskapen om, jakt og fangst på smårovvilt, heve statusen for slik jakt, og få betra tilgangen på jakt på desse artane. Vi meiner at dette vil vera positivt for matnyttig småvilt, rådyrbestanden og husdyr (lam). I tillegg vil vi få eit betre jakttilbud for store delar av kommunen.

Jaktkortet gjeld jakt og fangst på desse artane: raudrev, mår, mink, røyskatt, grevling, kråke, ravn, skjære, og nøtteskrike.

Vågå fjellstyre har ansvar for å adminstrere ordninga, og tek og ansvar for å  skrive ut/ selgje jaktkort.

Ordninga vart igangsett den 01.01.2014.

 

Jaktkort/ reglar

Jaktkort:

Gratis for innanbygds, kr. 100,- for utanbygds. Gyldig frå 1.1 til 31.12.

Innanbygds tek kontakt med Vågå fjellstyre for å få skrivi ut jaktkort, det må framleggjast dokumentasjon på betalt jegeravgift for å få tilsendt jaktkortet.

Utanbygds: Kan løyse jaktkort på Inatur.

Løys jaktkort på Inatur her: 

Jaktreglar: Jaktkortet omfattar heile Vågå kommune, utanom Nedre Heimdalen, Tolstad, Holungsfjellet sameige og den delen av Finndalen statsallmenning som ligg i Vågå (Sjå kart her: Infoside Inatur).

Jaktkortet gjed for desse artene og i desse jakttidene (jakttider som i Forskrift om jakt- og fangsttider 2012-2017):

 

Art:                                                                   Jaktttid:

Raudrev                                                      15.07 - 15.04

Mår                                                              01.11 - 15.03

Villmink                                                          Heile året

Røyskatt                                                      21.08 - 15.03

Grevling                                                       21.08 - 31.01

Kråke                                                          15.07 - 31.03

Ravn                                                           10.08 - 28.02/29.02

Skjære                                                        10.08 - 28.02/29.02

Nøtteskrike                                                 10.08 - 28.02/29.02

 

Jakt med hund på rev er lov frå 1. november. Ved jakt på dyrka mark, og/ eller utlegging av åte må det innhentast løyve frå grunneigar. Det blir elles vist til dei offentlege reglane for utøving av jakt og fangst.

bakgrunn

Hovudutval for tekniske saker og naturforvaltning gav i sak 18/01 løyve til bruk av skotpremie for heile Vågå kommune. Til innanbygds blir det utbetalt skotpremie for dei artane som kjem fram i tabellen under. I tillegg blir det ei ordning med ein poengbørs for felt vilt, antal poeng som dei ulike artane gjev finn du og i tabellen under. 

Kråkefelle.jpg

 

Det blir premie til dei som har fått flest poeng i løpet av året, fordelt på to klasser, over og under 18 år. Premieringa blir kr. 2.000,-/1.000,-/500,- for nr. ein, to og tre. Det vil og bli oppsett ein vandrepremie, som ein kan vinna til odel og eige når ein har vunne den tre gonger. Vandrepremien er felles for båe klassane. I tillegg blir alle som har registrert felt vilt, og fått poeng med i trekninga om diverse gavepremiar.

Alt vilt som det skal utbetalast skotpremie for, eller fått poeng for skal sjølvsagt vera felt innanfor det området som dette jaktkortet dekkjer!

 

DIVERSE

Vågå fjellstyre har lagt til rette for gluggjakt etter rev, og har plassert ei "kasse" som er oppvarma og der det er utlagt åte, litt bortafor Sandranden. Dersom du er interessert i å sitja etter reven her er det berre å ta kontakt med Vidar Rugsveen på tlf.917 27427. 

Reglar for bruk av åte:

Ved bruk av åte til jakt, felling og fangst er det tillatt å benytte vilt eller deler av vilt. Påkjørt vilt, slakteavfall fra jakt eller andre deler av vilt kan fritt benyttes som åte. På samme måte kan alle produkter som er beregnet til menneskemat benyttes til åte eller legging av blodspor. Bruk av slakteavfall og husdyr reguleres gjennom Mattilsynets forskrift 27. oktober 2007nr. 1254 om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum, hvor det i § 5 heter: ”Mindre deler av selvdøde eller avlivede dyr som ikke er eller mistenkes for å være infisert med smittsom sykdom kan etter melding til Mattilsynet brukes som åte på driftsenheten i forbindelse med åtejakt på ville dyr, der kjøttet ikke er beregnet på konsum”. For ytterligere informasjon se Mattilsynets hjemmeside.

(Rundskriv februar 2013 Viltloven - utøvelse av jakt, felling og fangst)

skotpremie/ poeng