Storviltjakt

 

 
                             Storukse i Sjolia, hausten 2010. Foto: Håvard Myrum

                           Storukse i Sjolia, hausten 2010. Foto: Håvard Myrum

I Langmorkje statsallmenning er det jakt på elg, hjort og rådyr. I dei seinare åra har det i gjennomsnitt årleg vorte felt rundt 40 elgar, 4-7 hjortar og 8 -10 rådyr. Fjellstyret samarbeider med fire private grunneigarlag på sørsida av Ottadalen om eit hjorteviltvald, og med felles bestandsplan.

I Nordherad statsallmenning er det i tillegg jakt på villrein, men kvota er berre på 4-6 dyr og korta blir difor tildelt innanbygdsbuande. Denne statsallmenningen inngår i Ottadalen villreinområde, med felles jaktareal over eit større område.

elg og hjort

Langmorkje statsallmenning er inndelt i åtte jaktfelt for jakt på elg og hjort, der fem av dei åtte felta blir tildelt innanbygds jaktlag, medan tre felt er ”ope for alle”. Jaktfelta blir tildelt på tre og tre år, og alle er ledige same året, dvs. i  2019, 2022 osv. Alle 8 jaktfelta vil bli annonsert ledige på vårparten 2019. Det kan variere frå periode til periode kva for jaktfelt som blir tildelt innanbygds, og kva for felt som er "ope for alle". I perioda 2016-2018 var det Synsli-Kvitingen, Randsverk, og Sjodalen som var lyst ut "ope for alle".

For elg- og hjortejakta blir annonsering, mottak av søknader og trekking ordna samla for alle statsallmenningane, medan inngåing av kontrakt med jaktlag, fakturering, veging av dyr, innsamling av underkjevar osv. normalt skjer lokalt frå det enkelte fjellstyre.

Informasjon om ledige jaktfelt, detaljert informasjon om kvart enkelt jaktfelt, og søknadsprosedyre får ein på iNatur (www.inatur.no) . 

statistikk

FELLING ELG I LANGMORKJE STATSALLMENNIG

(ordinær haustjakt)

 
ef7e82b40a98fc8ca3454082b5fe4b2d.png

Kvote trekkelgjakt 2012-2014: 30 dyr

Kvote trekkelgjakt 2015-2017: 50 dyr

 

Rådyrjakt

Rådyrjakta i Langmorkje er inndelt i tre felt, dvs:

Felt 1: ”Heimfjellet”, dvs. nordre del av statsallmenninga, med riksveg 51 og Slomsetervegen som grense mot sør.

Felt 2: Lemonsjø-/Randsverkområdet, med riksveg 51 og Slomsetervegen som nordleg grense, Fuglesetervegen og riksveg 51/fylkesveg 257 som sørleg grense.

radyr.jpg

Felt 3: Sjodalen, dvs. området sør for Fuglesetervegen – riksveg 51/fylkesveg 257.

 

Årleg kvote er på ca. 30 dyr. Jakttida er 25.09 – 23.12, og med adgang til bruk av hund frå 01.10. Ca. halvparten av kvoten blir tildelt som bukkejakt med jakttid 10.08 – 24.09 og eventuelt vidare fram til jul som ordinær rådyrjakt dersom dyret ikkje blir felt i bukkejakta.

Jaktkorta blir tildelt ved loddtrekning. Kortprisen er kr. 600,- for bukkejakt og kr. 500,- for ”ordinær” jakt. Det er lik tilgang for innan- og utanbygds. Søknad om rådyrjakt skal sendast til fjellstyret innan 15. juni, som e-post til: vaga@fjellstyrene.no . Gje opp namn, adresse, telefon, ønskje om felt, og om søknaden gjeld bukkejakt. Fleire kan søkje i saman som jaktlag, skriv namn og adresse på alle i laget. Etter at søknadsfristen er ute blir evt. ledige kort delt ut fortløpande.