Forsthytta er ferdig renovert!

Forsthytta i Randsverk har vore gjennom ei skikkeleg standardheving i løpet av våren. Det som før var kjøkken har nå vorte soverom, slik at hytta har to soverom. Ny kjøkeninnreiing (produsert i gamal og tilpassa stil av Lalm Håndverkssenter) har vorte sett inn i det største rommet slik at ein har ei løysing med felles kjøken/ opphaldsrom. Det er nye senger, med nye madrasser, golva er slipt og lakka, og veggane i soveromma har fått litt anna farge som står i stil med resten av hytta. Hytta leiger du på Inatur, der finn du og bilder. 

 

Erik Myrum