Tildeling av rådyrjakt

Rådyrjakta for 2018 er nå trekt, og alle som fekk tildelt jakt skal nå ha fått tilbud på e-post (utanom ein som får sitt i posten), Har du fått jakt, men ikkje har fått e-posten, sjekk "søppelkassa" (av og til havnar denne type mail der), gje oss beskjed om den ikkje dukkar opp.

I nokre tilfelle har vi slått saman søknadar frå personar som vi veit har nær tilknytning, eller vanlegvis vil jakte i lag, og sett saman jaktlag. På den måten får fleire anledning til å delta på jakt utan at ein aukar kortantalet.

Etter ein uvanleg snørik vinter, som vi veit var hard for rådyrbestanden i delar av Langmorkje, har Vågå fjellstyre bestemt seg for å redusere antalet rådyrkort betrakteleg sidan i fjor. Det er tildelt 25 kort i år (omtrent halvparten av fjorårets antal), av desse er 10 uttrekt som bukkejakt (inkl to gavekort blir det da tildelt 12 bukkekort). Såpass fyrst på sommaren er det tidleg å seie noko eksakt om kor hardt vinteren evt har gått utover bestanden, men det er teke eit val om å vera forsiktig med jaktuttaket for å vera føre var. Ut i frå tidlegare erfaring vil ei kvote på 25 kort bety at det blir felt omkring 5 dyr, noko vi meiner er eit forsvarleg jakttrykk. Lista over dei som har fått tildelt jakt ser du under her.

Tildelt rådyrjakt Langmorkje statsallmenning 2018.jpg
Oskar Pettersen