Prøvefiske på Gjende

På oppdrag frå Miljødirektoratet, har Norsk institutt for vannforskning (Niva) og Norsk institutt for naturforskning ansvaret for basisovervåkning av store innsjøar i henhald til Vannforskriften. Prosjektet har kortnavnet ØKOSTOR og ledes av NIVA. Som ein del av prosjektet skal fiskebestanden på Gjende analyseras. Fjelloppsynet sjå Vågå fjellstyre har teke på seg oppdraget med å utføre dette prøvefisket på oppdrag frå NINA, og er nå nesten ferdige. Det er fiska med botngarn av typen “nordiske prøvegarn” der same garnet er inndelt i seksjonar med maskevidde frå 5-55 mm, desse er sett i intervall frå 0-50 m djup, i tillegg er det brukt 6 flytegarn i to netter. Garna er fordelt på 6 lokalitetar over heile Gjende.

Eit spennande oppdrag der vi må fiske på litt uvanleg måte i forhald til det som er vanleg på Gjende, og som forhåpentlegvis kan gje opplysningar som er nyttige i forvaltninga av Gjende og (Det er nok fleire fiskarar som har stussa litt på garn som står på 50 m djup på Gjende siste veka…). Vil du veta meir om overvåkingsprogrammet, og resultat frå tildegare år er det berre å gå inn på Miljødirektoratets heimesider og søkje på “Økostor”


Erik Myrum