Kvote på rypejakt for sesongen 2019/20

Mange har vore spente på korleis det blir med årets rypejakt, Vågå fjellstyre har i sak 26-19 gjort dette vedtaket: Med heimel i fjellova § 23 vedtek fjellstyret for jaktsesongen 2019/20 å nytte ei kvote på 2 liryper/fjellryper pr. jeger pr. dag. Vedtak om dagskvote på 2 ryper blir gjort med bakgrunn i

resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. For dei som løyser korttypen ”døgnkort”, og der jakta skjer over to dagar (datoar), gjeld kvota på 2 ryper for eitt døgn. Opplegget for småviltjakta blir elles som før, jf. vedtaket i sak 10/15.

Vedtaket, med dei vurderingane som ligg til grunn, blir lagt ut under “Fjellstyresaker”. Det blir kortsalg på vanleg måte, kortblokkene kjem frå trykkeriet i dag så jaktkorta blir lagt ut sjå dei lokale kortselgjarane rett over helga, kortsalget på Inatur startar og mandag.

Erik Myrum