Tippekonkurranse på Randsverkmarkedet 2019

138 stk av dei som var innom standen til Vågå fjellstyre under laurdagens Randsverkmarked tippa på vekta på dei to Lemonsjøfiskane som gjekk i akvariet. Totalvekta på dei to fiskane var 1,31 kg (nøyaktig vekt 1312 gram, den eine vog 678 g, den andre 634 g). Det var mange som var nærme i år, 3 stk hadde tippa heilt likt med 1,30 kg. Dei tre var : Torunn Valan, Magnus Jacobsen og Mia Vassdokken. Førstepremien (2 gratis døgn på ei av fjellstyret sine hytter) vart trekt mellom dei tre, Torunn Valan vart den heldige vinnaren og vil bli kontakta av oss, dei to andre får like premiar tilsendt.

Erik Myrum