Har du hugsa å levere jaktstatistikken din??!!

Jaktåret 2018/19 er slutt og det er tida for å levere jaktstatistikken, mange har alt levert, men vi manglar og frå ein del (Særleg innanbygdsjegerar heng litt etter…). Sjølv om du sender den lovpålagte rapporten til SSB treng vi ein rapport frå jakta i Langmorkje statsallmenning sendt til Vågå fjellstyre (Det er viktig å sende rapport sjølv om ein ikkje har felt noko!). Dette er eit viktig hjelpemiddel for å følgje med i utviklinga av småviltbestandane, og jakta.

Vi set stor pris på om du tek deg nokre minutt og fyller ut rapportskjemaet her på heimesida vår.

https://www.vaga-fjellstyre.no/smaviltjakt#skjema-jaktrapport

Erik Myrum