Trekning småviltjakt med hund for utanbygds.

Loke+stand.jpg

Småviltjakta med hund for utanbygds vart trekt på fjellstyrekontoret den 8. april. I år var det 108 søknadar, med ialt 217 søkjarar (enkelte søkjer saman som lag), som var med i trekninga om 22 ledige kort. Alle som vart uttrekt har fått tilbud på e-post, sendt til den adressa som er oppgjeve på søknaden. Skulle du vera uttrekt og ikkje få e-post i løpet av dagen, må du sjekke søppelposten din og evt ta kontakt med oss. Der jaktlag har fått tildelt jakt, er tilbud sendt til kontaktpersonen for laget. Om det blir ledige kort etter fyrste trekninga, vil det bli trekt reserver seinare.

Liste over dei som vart uttrekt finn du her:

tabell.png


Når det gjeld harejakt med hund i begrensa periode var det ikkje ledige kort i år, alle korta der blir trekt på nytt i 2020.

Oskar Pettersen