Småviltjakta 2026/27
Vågå fjellstyre har vedteke slike reguleringar for småviltjakta 2026/27:
- Dagkvote på 2 ryper* pr. dag
- Sesongkvote på 15 ryper pr. jeger
* Det blir ikkje differensiert på lirype eller fjellrype. Kvote på 2 ryper er enten 2 fjellryper, 2 liryper eller ei av kvar.
Jakttid og avgrensingar i kortsal er uendra.
For meir informasjon om vedtaket, takseringsresultat og grunngjeving m.m. sjå her.
Det ligg nokon ledige 5-dagerskort for utanbygds jegerar utan hund i periode 2 (20-24.09.26) og 3 (25-29.09.26) på Inatur no. Frå 1. oktober er det tilgjengeleg 30 sesongkort, 20 5-dagers kort og 5 dagskort pr dag for utanbygds jegerar utan hund. Salet av desse korta vil opne 15. september 2026 kl. 09.00.