Trekningsliste rådyrjakt 2026
Etter fjellstyremøtet torsdag 2. juli vart det oppdaga ein feil i trekninga av rådyrjakta 2026: ikkje alle søknadane kom med i "søknadsbunken" i den fyrste trekkinga. Fjellstyret såg difor ingen anna moglegheit enn å trekke alle korta på nytt. Den fyrste publiserte versjonen av trekningslista er derfor feil. Vi beklagar på det sterkaste overfor dei dette har fått konsekvensar for.
I år var det 70 søknadar (16 av desse utanbygds), dvs. nokså stor interesse. Trekninga vart gjennomført på fjellstyrekontoret. Pål Skjåk Haugen, som ikkje har søkt rådyrjakt deltok under trekkinga. Trekningslista finn du her