Søknad på småviltjakt med hund, og rådyrjakt.

Hausten er like rundt hjørna, eller det er ihvertfall ein del som har begynt å tenkje på hausten (og gle seg)… Søknadsfrist for småviltjakt med hund for utanbygds er 1. april, du søkjer ved å bruke søknadsskjemaet på heimesida.

Frå i år vil vi også at dei som søkjer på rådyrjakt bruker søknadsskjemaet som dei finn her på heimesida. Gå inn på “Storviltjakt - Rådyrjakt” på menyen så finn du søknadsskjemaet. Søknadsfrist på rådyjakt er 15. juni, så der er det god tid.

Erik Myrum