Bessvassbue

2011_11_14_1681.jpg

Bue ligg ca. 500 meter vest for Bessvassosen, på nordsida av Bessvatnet. Til utleige sommar og haust, for innanbygdsbuande. Det er eitt soverom med 3 sengeplassar (pluss ei ekstra madrass) i hytta, puter men ikkje dyner, så ein må ha med sovepose. Elles er det gass, ved, og det ein treng av kjøkenutstyr. Dei som leiger bue disponerer båt med motor, i fiskesesongen (flytedressar/ redningsvestar heng i uthuset). Bruk av motor skal berre skje i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske) fordi Bessvatnet ligg i Jotunheimen nasjonalpark. Det er og to sett med garn til utlån i garnfiskeperioden (14 stk 39 mm.) i uthuset. Bruk søknadsskjema under for å sende søknad om leige.

Gasta Design