Tekning elg- og hjortejakta for innanbygds lag 2025 - 2027

Trekning av elg- og hjortejakta i Langmorkje statsallmenning for innanbygds lag vart gjennomført tysdag 6. mai på kommunestyresalen. Fjellstyret har i mange år hatt ei rulleringsordning blant innanbygds lag, ved at dei laga som hadde jakt sist periode (2022-24) på felt avsett til innanbygds, blir stilt sist i køen ved neste trekking. Det var i år 8 aktuelle lag «i hatten», dvs. at det vart berre eitt lag som ikkje fekk tilbod.

 

Trekningsresultatet med felt og jaktleder vart slik:

 

Flatningen-Melingen:             Jostein Tho

Synstlie-Kvitingen 1. per:      Kasper Øvstedal

Synstlie-Kvitingen 2. per:      Egil Skogum

Lemonsjø-Tesse:                   Leif Einar Olsen

Rindhovda:                            Daniel Skogum

Sjolie:                                     Svein Rune Damstuen

Sjodalen vest:                        Egil Kveen

Reserve:                                 John Rønningen

 

Dei andre felta i Langmorkje som er «ope for alle» blir med i hovedtrekninga for alle fjellstyra. Elles vil fjellstyret annonsere hjortejakta i nasjonalparken (Gjendeområdet) i mai/juni på heimesida her. Elg- og hjortejakta i Nordherad fellesområde, som fjellstyret samarbeider med Nordherad grunneigarlag og Nordherad bygdeallmenning om, blir også snart lyst ut. Det er grunneigarlaget som administrerer elg-, hjort- og rådyrjakta her. Annonsering av jakta blir lagt ut på heimesida til Nordherad grendelag i slutten av mai.

 

Forrige
Forrige

Trekningsliste elg- og hjortejakt innanbygds og utanbygds jaktlag 2025

Neste
Neste

Fjellstyremøte torsdag 03. april 2025