Regulering av rypejakta 2025/2026
Vågå fjellstyre har innført desse reguleringane for småviltjakta jaktsesongen 2025/26:
Dagskvote for rypejakt blir to ryper pr. jeger.
Det blir innført ei sesongkvote på 15 ryper pr. jeger.
Orrhøne og røy blir freda.
For utanbygds jegere utan hund er det for den regulerte perioden seld 180 kort av totalt 200 samla for periode 1 og 2. Dei resterande korta blir ikkje lagt ut for sal. For periode 3 er det seld 40 av 100 kort. Det vil etter ca. 5 dagar med jakt og etter at ein da har fått enda betre inntrykk av årets produksjon, bli tatt stilling til om det skal seljast fleire av desse korta.
Det blir i år som i fjor seld inntil 30 sesongkort, 20 5-dagarskort og 5 dagskort pr. dag av utanbygds jegere utan hund etter 30. september. Desse blir lagt ut for sal på Inatur etter «førstemann til mølla»-prinsippet.
Saka med vedtak finn du her.
Jakttid på rype er frå 15. september til ut februar. Sal av jaktkort for jakt etter 30. september for utanbygds utan hund vil bli lagt ut for sal 20. september kl 09.00 på Inatur.