Opprydding av båtvrak

Kartlegging og fjerning av båtvrak

Vågå fjellstyre deltek saman med fleire andre fjellstyrer i et prosjekt med å fjerne båtvrak/båtar som ikkje er i bruk frå naturen. Båtar, og spesielt plastbåtar kan vere ei betydeleg kjelde til spreing av mikroplast og anna søppel. Prosjektet blir leda av Norges fjellstyesamband og Norscan Partners AS, og er finansiert av Handelens Miljøfond.

Fjellstyret v/fjelloppsynet vil utover sommaren 2025 både registrere, loggføre og fjerne båtvrak i Langmorkje statsallmenning. Fjelloppsynet vil i fyrste omgang konsentrere seg om vatn i “Heimfjellet”. Dvs. Melingen, Flatningen, Surtningen, Kvitingen og Veslvatnet. Det eksisterer ikkje noko båtregister eller krav til merking, så omfanget av båtar er noko usikkert. Ødelagte båter som åpenbart er eit vrak, vil fjelloppsynet fjerne utan varsel. I tilfelle med ukjent eigar vil fjelloppsynet i samarbeid med Vågå kommune, som forurensningsmyndigheit, merke aktuelle vrak med varsel om oppfølging innan ein frist. Blir ikkje denne fristen halde vil båten bli fjerna av fjelloppsynet.

Båtvrak kan meldast inn av eigar

Som ein del av prosjektet ber fjellstyret om at eigar av “båtvrak” nyttar seg av moglegheiten til å få fjerne båten. Båteigaren kan sjølv tillate at båten blir fjerna ved å melde den inn på eige skjema under. Du kan også ta direkte kontakt med fjelloppsynet. Hvis du ynskjer å fjerne båten sjølv, kan den bli transportert til ein av dei to faste mottaksplassane etter avtale med fjelloppsynet. Desse er ved fiskeanlegget på sagbruket i Randsverk, og ved vegkryss Bøneslivegen nord for Flokka, midt mellom Melingen og Flatningen. Sjå kart. Mottaksplassane vil bli merka med skilt.

Det er offentleg vrakpant på fritidsbåtar på kr 1 000. Denne kan båteigar få utbetalt direkte fra fjellstyret, ved avtalt levering på ein av mottaksplassane. Fjellstyret v/fjelloppsynet organiserer vidare frakt til gjenvinningsstasjon. Hvis fjelloppsynet sjølv fraktar båten til mottaksplass, vil vrakpanten tilfalle fjellstyret.

Alle typar båter kan leverast, dvs. båtar av plast, tre, kompositt, stål og aluminium. Kano og kajakk inngår også i ordninga. Ta kontakt med fjelloppsynet om du har spørsmål/kommentarer til opplegget.

Forrige
Forrige

Trekningsliste reinsjakta i Lom og Vågå 2025

Neste
Neste

Trekningsliste elg- og hjortejakt innanbygds og utanbygds jaktlag 2025