Opning for salg av jaktkort med fuglehund til utanbygds hausten 2019.

Vågå fjellstyre opna hausten 2018, for fyrste gong på mange år, for eit avgrensa salg av jaktkort med fuglehund til utanbygds i oktober. Det har vore fleire som har lurt på om det same ville skje i år.

Sidan takseringane viste eit dårlegare resultat i 2019 enn i 2018, har vi avventa litt før ein har teke avgjerda. Etter ei samla vurdering, med bakgrunn i takseringar, registreringane av jakttrykket hittil i haust, rapportar etter jakta så langt, og erfaringane frå i fjor vil Vågå fjellstyre også i år utvide tilbudet til utanbygds jegerar med fuglehund (erfaringa i fjor viste at pågangen på desse korta var langt mindre enn forventa, og at dei som løyste slike kort ikkje felte spesielt mykje fugl). Vi er trygge på at dette kan gjerast utan det er til stor ulempe for bestanden. Men med tanke på takseringane blir tilbudet noko redusert i forhald til i fjor, da det vil gjelde for ei kortare periode, og det vil bli lagt ut færre kort pr. dag. Vi meiner uansett at dette er eit bra tilbud til utanbygds med fuglehund, vi har mange søkjarar om jakt med fuglehund kvart år som ikkje er så heldige at dei blir uttrekt, dei har nå sjansen til å få jakta i Langmorkje.

Det blir opna for eit begrensa kortsalg i perioden 12-31.10.19 Det blir tilgjengeleg 4 kort i kvart jaktfelt pr. dag, det vil kun bli seld døgnkort (pris 250,-). Korleis jaktfelta er inndelt finn du på jakt og fiskekartet vårt som ligg ute både her på heimesida (Jakt og fiskekart) og på Inatur. Jaktkortet blir kun tilgjengeleg for kjøp på Inatur. Salgsstart blir 10.10 kl. 09.00, alle korta for heile perioden blir lagt ut likt.

Kjøpte jaktkort blir ikkje refundert (Dette gjeld og ved evt. vanskelege vær, og føreforhold). Jaktkortet kan ikkje endrast med tanke på dato eller jaktfelt. Jaktkortet er personleg og kan ikkje overførast til andre.

Dagskvota er 2 ryper, som for andre jegerar.

Til informasjon er det helga 25-27.10 planlagt ei treningssamling i regi av Gudbrandsdal fuglehundklubb i Sjodalen. Vågå fjellstyre har stilt terreng til disposisjon for denne samlinga, ein må difor akseptere at ein kan treffe grupper som er ute på organisert trening dei dagane.

Erik Myrum