Kvote på rypejakt sesongen 2021/22.

DSC_0867[1].JPG

Det er som vanleg stor spenning knytt til korleis det står til med rypebestanden før jakta startar. Vågå fjellstyre har som vanleg foreteke registreringar av rypebestanden, gjennom taksering, ved å innhente opplysningar frå dei som brukar treningsfeltet, observasjonar frå jaktprøva i regi av GFK (4-5/9), og ved å innhente opplysningar frå personar som ferdast mykje i fjellområda våre.

Konklusjonen er at vi i år har fått ein merkbar nedgang i produksjonen av lirype, det same har tydelegvis skjedd i ein del andre område i distriktet. Sjølvsagt er det som vanleg vanskeleg å seie noko heilt sikkert før jakta startar, særleg gjeld dette korleis årets produksjon av fjellrype har vore, det endelege svaret kjem ei stund ut i jakta.

Ut i frå desse registreringane har Vågå fjellstyre fatta slik vedtak i sak 29/21:

Med heimel i fjellova § 23 vedtek fjellstyret for jaktsesongen 2021/22 å nytte ei kvote på 1 lirype/fjellrype pr. jeger pr. dag. Vedtak om dagskvote på 1 rype blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. Det blir vist til vedtak i fjellstyresak 2/21 om opplegget for småviltjakta elles. Dersom det viser seg nødvendig med andre reguleringar undervegs i jakta, som t.d. stuttare sesong, ytterlegare regulering av jaktkortsal osv, så vil det bli tatt stilling til dette utover hausten når vi veit endå meir om årets produksjon.

Fjellstyresak 29/21 med vurderingane som ligg til grunn for vedtaket finn du under “Fjellstyresaker”

Sak 29/21 Kvote på rypejakt sesongen 2021/22

Oskar Pettersen