Det er ein del fokus på gjerdehald for tida. Dette fordi dårlege og gamle gjerde ofte er farlege både for tamme og ville dyr. Fjellstyret har difor bestemt at det i løpet av 2021 vil bli ein kontroll av gjerde rundt alle setrer, dyrkingsparsellar og inngjerda beite i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar. Dette vil bli utført av fjellstyret sine tilsette. Gjerdehald som ikkje er i tråd med regelverket (dyrevelferdslova), vil bli rapportert til Statskog, som gjev festaren påbod om å reparere eller å rydde opp. Mattilsynet kan bli kopla inn dersom påbod ikkje blir etterkome.
Mattilsynet gjennomførte ein kontroll av gjerde på Heimfjellet over to dagar sommaren 2019, der både kommunen v/landbrukskontoret og fjellstyret v/fjelloppsynet var representert. Påbod den gongen vart sendt direkte frå Mattilsynet. Mange av påboda gjaldt bruk av piggtråd. Mattilsynet skal også ta ein kontroll i Langmorkje ein dag nå på forsommaren. Døme på forhold som blir følgd opp etter kontroll er gjerde som ligg/er klemt ned, lause gjerde, dobbeltgjerde, piggtråd åleine, laus piggtråd/topptråd, «attgløymde» strømgjerde osv. Ang. piggtråd, så er et ikkje lov å sette opp ny piggtråd, og piggtråd strekt opp etter 1. januar 2010 vil bli kravd fjerna. Det er mange som i dag skiftar ut piggtråd/bølgjetråd med toppbord.