GARNFISKE PÅ GJENDE FRÅ 1. JUNI
Garnfiskinga på Gjende startar normalt 15. juni slik som dei fleste andre vatna med garnfiske. Etter innspel frå fiskare blir denne datoen framfløtt til 1. juni i år, dvs. for i år i fyrste omgang. Dette av bestandsmessige forhold, og at det i år var tidleg isløysing på Gjende og som medfører lengre vekstsesong for fisken. Endringa er bestemt i samråd med kommunen. Så får vi tru at storleiken og kvaliteten på Gjendefisken tek seg opp att etter kvart. Men det er viktig at det blir fiska ein del på Gjende. God fiskesommar!