Dagskvote rypejakta 2018/19.

Vågå fjellstyre har vedteke ei dagskvote på 3 liryper/ fjellryper pr dag. Vedtak om dagskvote på 3 ryper blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet, og andre tilbakemeldingar. Vi har ein brukbar oppgang i lirypebestanden i år, samanlikna med dei siste åra. Når det gjeld fjellrypebestanden er vi litt meir usikre, der er observasjonane færre, og noko meir varierande. Difor vel ein å behalde ordninga med dagskvote, men går opp frå 2 til 3 ryper , samanlikna med fjoråret. 

Frå tidlegare år veit vi at det kan bli mykje folk i fjellet fyrste dagane i jakta, vi oppfordrar jegerane til å tenkje litt alternativt i valg av jaktterreng, og prøve andre plassar enn dei mest brukte delane av terrenget (for dei av dykk som er kjent). Elles veit vi og at det ser bra ut med produksjon av skogsfugl, så det kan vera eit alternativ å ta ein tur etter skogsfuglen om ein vil jakte på andre artar enn rype. Erfaringane tilseier og at pågangen av jegerar blir sterkt redusert etter den 25.09, så vil du ha fjellet "for deg sjøl" kan det vera eit godt tips å vente med jaktturen til litt etter jaktstart.

Erik Myrum