Trekningsliste reinsjakt i Lom og Vågå 2023

Villreinjakta for innanbygds på statsallmenningane i Lom og Vågå vart trekt i dag. På trekninga deltok m.a. representantar frå jeger- og fiskarforeningane i Lom og Vågå, frå private grunneigarlag som fjellstyra har samarbeidsavtale med, og frå Finndalen fjellstyre.

Reservelista er sett opp i den rekkjefølgja søkjaren vart uttrekt. Korleis rekkjefølgja blir på tildeling til reserver kjem an på kva slags kort som evt. blir ledige og kva for type dyr det er søkt på og prioritering. I år som i fjor, opplevde vi at enkelte som hadde kort i fjor også får tilbod i år. Dette har samanheng med total antal kort, talet på “primær”-søkjarar, og prioritering av korttyper blant søkjarane.

Tilbod om jakt blir sendt ut på e-post med det fyrste. Dei som har fått tildelt kort i Vårdalen statsallmenning får som vanleg tilbod direkte frå Lom fjellstyre. Liste over dei som vart uttrekt finn du her

Oskar Pettersen