Hjortejakt ved Gjende og i Nordherad

Hjortejakt ved Gjende

Fjellstyret lyser med dette ut hjortejakt ved Gjende, dvs. i Jotunheimen nasjonalpark i Vågå kommune 2023. Ledig for innanbygds jaktlag, dvs. at fleire enn halvparten, inkludert jaktleder må vera innanbygds. Krav om minimum tre jegerar, og laget må ha eigen godkjent ettersøksekvipasje. Jaktlag med jeger/jegerar som ikkje har elg-/hjortejakt i ei anna statsallmenning (inkludert Nordherad fellesområde) eller i eit anna jaktfelt i Langmorkje i 2023, blir prioritert fyrst. Kvote på ein fri bukk. Jakttid 01.09 – 30.11. Grunnpris kr. 1.500, kg-pris ved felling kr. 80. Søknad med liste over alle på jaktlaget skal sendast til Vågå fjellstyre på e-post: vaga@fjellstyrene.no. Søknadsfrist: 25. juni 2023. For meir informasjon: Knut Øyjordet, 90966277

Hjortejakt i Nordherad

I Nordherad fellesområde er elg- og hjortejakta delt i to felt, der hovedfeltet blir tildelt jaktlag for tre år om gongen (2022-24). I det andre feltet, der det meste av arealet ligg i Nordherad statsallmenning, er det opna for jakt på hjort. Her blir det lyst ut jakt for to jaktlag kvart år, og i år som i fjor er grunnkvota tre hjortar per lag. Lag med grunneigar i laget har fortrinnsrett på eitt av dei to som får tildelt jakt. Definisjon på grunneigar, forhold innanbygds/utanbygds står i pkt. 2 i samarbeidsavtala om jakt i Nordherad fellesområde (sjå vedlegg under). Jakta skjer etter ei rullering, slik at dei laga som har hatt jakt her dei to siste åra, blir prioritert bak ved tildeling i år. Krav om 3-6 personar i laget og om tilgang til godkjent ettersøksekvipasje (avtale). Jakttid 01.09 – 23.12. Grunnpris pr. dyr kr. 2.500. Kg-pris kr. 80 (inkl. moms). Søknad med liste over alle medlemmene i laget skal sendast til Nordherad grunneigarlag v/Ola Kvarberg, på e-post: ola@kvarberg.no. Søknadsfrist: 25. juni 2023. For meir informasjon: Ola Kvarberg, 91777155.

Samarbeidsavtala om jakt i Nordherad fellesområde finn du her

Oskar Pettersen