Storviltjakt

 

 
                           Storukse i Sjolia, hausten 2010. Foto: Håvard Myrum

                           Storukse i Sjolia, hausten 2010. Foto: Håvard Myrum

I Langmorkje statsallmenning er det jakt på elg, hjort og rådyr. I dei seinare åra har det i gjennomsnitt årleg vorte felt rundt 40 elgar, 4-7 hjortar og 8 -10 rådyr. Fjellstyret samarbeider med fire private grunneigarlag på sørsida av Ottadalen om eit hjorteviltvald, og med felles bestandsplan.

I Nordherad statsallmenning er det i tillegg jakt på villrein, men kvota er berre på 4-6 dyr og korta blir difor tildelt innanbygdsbuande. Denne statsallmenningen inngår i Ottadalen villreinområde, med felles jaktareal over eit større område.

elg og hjort

Langmorkje statsallmenning er inndelt i ni jaktfelt for jakt på elg og hjort, der seks av dei ni felta blir tildelt innanbygds jaktlag, medan tre felt er ”ope for alle”. Jaktfelta blir tildelt på tre og tre år, og alle er ledige same året, dvs. i  2019, 2022 osv. Alle 9 jaktfelta vil bli annonsert ledige på vårparten 2022. Det kan variere frå periode til periode kva for jaktfelt som blir tildelt innanbygds, og kva for felt som er "ope for alle". I perioda 2019-2021 er det Synsli-Kvitingen, Randsverk, og Sjolia som er lyst ut "ope for alle".

For at fleire skal få tilgang til elg- og hjortejakt, vil fjellstyret prøve ut eit opplegg med delt jakt i den 3-årsperioda vi går inn i nå (2019-2021), dvs. feltet Lemonsjø-Tesse for innanbygds, og felta Randsverk og Synslie-Kvitingen for utanbygds («ope for alle»). Jakttid for delt jakt er 25.09-10.10 (elg) og 01.09-10.10 for hjort i 1. periode, og 11.10-31.10 (elg og hjort) i 2. periode. Det blir ei rullering mellom dei to jaktlaga som får tildelt jakt i same feltet, slik at det jaktlaget som blir trekt ut på 1. periode i 2019, får 2. periode i 2020 og 1. periode att i 2021. Dersom eit jaktlag fyller grunnkvota på elg før den 10. oktober, kan neste lag starte jakta før den 11. oktober, sjølv om det står att hjort på totalkvota. Det same gjeld om laget i 1. periode ikkje har felt alle elgane til 10. oktober og laget i 2. periode fyller kvota før 31. oktober, da kan laget i 1. periode «sleppe til att» før den 31. oktober. Dersom jaktlag på delt jakt ikkje har fylt grunnkvote på elg eller felt eventuelt tildelt tilleggsdyr innanfor fastsett jakttid fram til 31. oktober, kan jaktlaget/laga få jakte på desse etter den 1. november

Felta Flatningen-Melingen, Rindhovda, Griningsdalen, Sjodalen aust og Sjodalen vest blir i perioden 2019-2021 sett bort til innanbygds jaktlag utan delt jakt, medan feltet Sjolie blir «ope for alle» utan delt jakt


For elg- og hjortejakta blir annonsering, mottak av søknader og trekking ordna samla for alle statsallmenningane, medan inngåing av kontrakt med jaktlag, fakturering, veging av dyr, innsamling av underkjevar osv. normalt skjer lokalt frå det enkelte fjellstyre.

Informasjon om ledige jaktfelt, detaljert informasjon om kvart enkelt jaktfelt, og søknadsprosedyre får ein på iNatur (www.inatur.no) . 

statistikk

FELLING ELG I LANGMORKJE STATSALLMENNIG

Oversikt over felt elg frå 1990 til 2018, finn du på eigen link: Felling elg Langmorkje 1990 - 2018 . Der ligg og tala frå vinterjakta frå 2012 - 2018.

FELT ELG I VÅGÅ KOMMUNE I 2018

Oversikt over felt elg i Vågå kommune, med aldersbestemming på elgen finn du her: Antal felt elg med alder (Vågå kommune 2018)

 
 

Rådyrjakt

Rådyrjakta i Langmorkje er inndelt i tre felt, dvs:

Felt 1: ”Heimfjellet”, dvs. nordre del av statsallmenninga, med riksveg 51 og Slomsetervegen som grense mot sør.

Felt 2: Lemonsjø-/Randsverkområdet, med riksveg 51 og Slomsetervegen som nordleg grense, Fuglesetervegen og riksveg 51/fylkesveg 257 som sørleg grense.

radyr.jpg

Felt 3: Sjodalen, dvs. området sør for Fuglesetervegen – riksveg 51/fylkesveg 257.

 

Årleg kvote er på ca. 30 dyr. Jakttida er 25.09 – 23.12, og med adgang til bruk av hund frå 01.10. Ca. halvparten av kvoten blir tildelt som bukkejakt med jakttid 10.08 – 24.09 og eventuelt vidare fram til jul som ordinær rådyrjakt dersom dyret ikkje blir felt i bukkejakta.

Jaktkorta blir tildelt ved loddtrekning. Kortprisen er kr. 600,- for bukkejakt og kr. 500,- for ”ordinær” jakt. Det er lik tilgang for innan- og utanbygds. Søknad om rådyrjakt skal sendast til fjellstyret ved å bruke søknadsskjema her på heimesida, innan 15. juni.

Ynskjer du å søkje rådyrjakt trykkjer du på knappen under her for å få opp søknadsskjema.