Småviltjakt

 

Fjellområda på båe sider av Sjodalen er lett tilgjengelege både om hausten og vinterstid, og dei er difor svært populære for dei som driv med rypejakt, både etter lirype og fjellrype. Dei store skogsområda i Sjodalen og i Randsverk-/Lemonsjøområdet gjer Langmorkje statsallmenning attraktiv også for skogsfugljakt og for jakt med harehund.

I Langmorkje statsallmenning er det fritt kortsal for småviltjakt utan hund, jakttida er frå 15.september til 28. februar. Vågå fjellstyre har dei siste åra hatt dagskvote på rype for alle jegarar. For jaktåret 2017/18 var det dagskvote på 2 liryper/ fjellryper pr. dag.

Når det gjeld rypejakt med hund for utanbygdsbuande har Vågå fjellstyre totalt 70 kort som blir fordelt etter loddtrekning, søknadsfristen er 1. april. Dei 70 korta er fordelt på to 5-døgns perioder, og med jaktstart den 15. september. Periode 1 går da frå 15.-19. og periode 2 frå 20.-24. september. Utanbygds jegarar med hund er fordelt på tre felt (Sjå fjellstyret sitt jakt og fiskekart litt lenger ned på sida her for å sjå feltinndelinga). Det er for tida ikkje åpna for rypejakt med hund for utanbygds utover desse periodene. Men fjellstyret kan opne for eit avgrensa kortsal for jakt med fuglehund for utanbygds seinare utpå hausten når årets produksjon tilseier det. Så snart trekninga er klar blir resultatet lagt ut her på heimesida. Dei som er heldige å bli trekt ut får tilsendt tilbud på e-post. Det blir ikkje senda skriftleg avslag til dei som ikkje blir trekt ut, men trekningslista ligg ute slik at den som vil kan gå inn og sjekke kven som har fått tildelt jaktkort. Vågå fjellstyre mottek årleg mellom 120-150 søknadar som omfattar ein 250-300 søkjarar (mange søkjer fleire saman som lag).

Vågå fjellstyre har ei ordning med treårsavtaler for utanbygds jegerar som får tildelt jakt med fuglehund. Det fungerer slik at kvart år blir eitt felt i kvar periode trekt ut med tilbud om treårsavtale, felt/periode rullerer etter eit fast mønster. Dei som blir uttrekt kan difor ha jakt samanhengjande i same feltet/ jaktperioden i tre år. Det vil og kvart år vera ein del kort som er ledige for eitt eller to år, etter som jegerar av ulike grunnar takkar nei til kort andre eller tredje året. Ein kan difor få tilbud om jakt i eitt, to eller tre år, alt etter som når ein blir trekt ut, og evt. kvar/ når ein ynskjer å jakte

Harejakta startar 11. oktober. Fyrste veka er det totalt 25 kort fordelt på tre felt, desse blir fordelt etter loddtrekning og med søknadsfrist som for rypejakta(1.april). Grensene mellom felta er litt ulik frå rypejakta til harejakta. Frå 18. oktober til 23. desember er det fritt kortsal.

Harejakta for utanbygds med hund i begrensa periode blir trekt med tilbod om tre år, evt. ledige kort dei åra det ikkje er trekning blir tildelt fortløpande etter som jegarane melder seg. Det var "hovudtrekning" av harejakta i 2017, neste 3-årsperiode startar da i 2020.

Vågå fjellstyre administerer og småviltjakta i Nordherad Fellesområde. Dette er eit mindre område på nordsida av Ottadalen, og er eit samarbeid mellom Nordherad Bygdealmenning, Nordherad Grunneigarlag og Vågå fjellstyre (Nordherad statsallmenning). Jakttida er frå 15.09 -28/29.02, jaktområdet er avgrensa av Vågåvatnet i sør, Finna i nord og grensa mot Lom kommune i vest.

Det er her kun opna for støkkjakt på rype/ skogsfugl, det er lov med hund på harejakt, også for utanbygds,  frå 1.10 - 23.12 ( det er ikkje lov med harehund mellom Vågåvatnet og øvre Nordheradsvegen). Jaktkort for Nordherad fellesområde får ein kjøpt på YX i Vågåmo.

 

Oversikt over felt/ periode som skal trekkjast med tilbud om treårsavtale dei neste tre åra:

 
 

Kortsal og prisar

Det kan løysast både 1-døgn-, 3-døgn-, vekes- og sesongkort. Kvittering for betalt jegeravgift må visast fram ved kjøp av kort. Kort er å få kjøpt på YX i Vågåmo,  Lemonsjø fjellstue, Randsverk camping, Sjodalen hyttetun, Hindseter fjellstue, Bessheim fjellstue og Besseggen fjellpark. I tillegg kan kort kjøpast over internett, på Inatur. Ved kjøp av kort blir det utdelt eit tilleggsark om reglar m.m.

Priser

Småviltjakt utan hund i Langmorkje (sist regulert i 2016)

Småviltjakt med hund i Langmorkje (sist regulert i 2016)

reglar

Reglane for småviltjakt blir delt ut ved kjøp av kort. Ved kjøp av kort på iNatur, må reglane skrivast ut. Reglane for utøving av småviltjakt i Langmorkje statsallmenning, som fjellstyret har vedteke i medhald av Fjellova finn du i linken under.

Småviltjakt reglar

statistikk

 

For å følgje med i utvikilinga av småviltbestandane, er jaktstatistikken viktig for fjellstyret. Jaktrapport skal fyllast ut og leverast etter jakta, vi foretrekkjer at den blir sendt elektronisk, du kan bruke rapportskjemaet som du finn her på heimesida, eller om du har løyst kort på Inatur kan du gjerne bruke deira rapportløysing. Om du foretrekkjer å levere skriftleg rapport kan du bruke baksida på jaktkortet. Det viktigaste er at rapporten blir levert, da den er med å gjev oss viktig informasjon om bestandane av småvilt, og er eit viktig hjelpemiddel i forvaltninga. Hugs at du må levere to rapportar ein til jaktrettshavar, og ein til SSB. 

Dei som vil sjå den komplette utgava av statistikken frå 2017-18 finn den ved å trykkje her: Jaktstatistikk 2018

Vågå fjellstyre har dei siste åra seld mellom 900 og 1300 jaktkort for småviltjakt. Dei fleste av desse korta er 1- og 3-døgnskort for utanbygdsjegarar utan hund. For innanbygdsjegarar er kortsalet ganske stabilt på 90-120 kort i året, dei fleste av desse er sesongkort. For jakt med harehund etter den 18. oktober varierer kortsalget noko, avhengig av jaktforholda utover hausten.

Interessa for småviltjakt er stor. Vågå fjellstyre har teke eit bevisst valg om å la området  vera tilgjengeleg for jegarane, og har valt å behalde ordninga med fritt kortsal for støkkjakt. Sjølvsagt heile tida vurdert opp mot det jakttrykket ein meiner bestanden tåler. For å begrense jakttrykket noko, har ein dei siste åra nytta seg av dagskvote på rype.

Det er dei fyrste dagane i jakta ein opplever mest folk i fjellet. Om ein ser på 1- og 3-døgnskort for utanbygds jegarar utan hund viser det seg at omlag 40% av desse korta blir løyst med tanke på jakt frå 15.-17. september. Tek ein med perioda fram til og med andre helga i jakta er ca. 50% av korta løyst for desse fyrste dagane, i tillegg kjem vekeskorta og dei som løyser sesongkort. Det seier seg sjølv at ein i desse dagane vil måtte rekne med å sjå ein del andre jegarar i fjellet. Vi veit og at det er lett for at jegarane samlar seg på dei mest kjende, og lettast tilgjengelege plassane i terrenget.

Dei som vil sjå heile statistikken, som viser kortsalget for dei siste åra, finn den her: Jaktkortstatistikk 2018 

jakt og fiskekart

Vågå fjellstyre har eit eige jakt og fiskekart i målestokk 1: 100 000. Kartet er eit greitt oversiktskart som tydeleg viser grenser til omkringliggjande område, og inndelinga i jaktfelt som er brukt ved jakt med fuglehund for utanbygds. Kartet får du kjøpt på dei fleste plassane som sel jaktkort for Vågå fjellstyre. Det er trykk på båe sider, ei kartside, og ei bakside med ein del informasjon (stort sett er det same informasjonen du finn på heimesida)

Kartdelen finn du her: Jakt og fiskekart

søknadsskjema småviltjakt

 

Trykk på knappen under for å åpne søknadsskjemaet.

 

JAKTRAPPORT

Trykk på knappen under for å åpne skjemaet.

Treningsfelt for fuglehund

Etter Hundelova er det krav om fjellstyret sitt samtykke for å drive jakthundtrening i statsallmenning (Hundelova sin § 8, 1.ledd: jakthundtrening, jakthundprøver, og dressur kan bare foregå med samtykke av grunneieren eller den som har en allmen bruksrett til eiendommen. For statsallmeningane gis samtykke av fjellstyret.)

Vågå fjellstyre har opna for fuglehundtrening i to perioder, haust og vinter, mot løysing av kort. Treninga skal skje utan gevær, eller bruk av startpistol, og det er lov å ha kun ein hund laus om gongen.

Haust:
Om hausten f.o.m 21. august t.om. 14. september skal treninga foregå i treningsfeltet i området Hoskelia/Maurvangen mot grensa til Øystre Slidre. Det er treningsfeltet som vart etablert i 1966, og er nok kjent område for mange fuglehundeigarar. Feltet er avgrensa slik: Nedre grense er Øvre Sjodalsvatn, Sjoa elv opp til Maurvangsbrua,og Valdresflyvegen (Rv. 51) fram til grensa mot Øystre Slidre.

 

I nord går grensa frå Hoskeodden og følgjer Hoska/ Storskriubekken mot Sikkilsdalsmunnen opp til grensa mot Nord-Fron. Følgjer så Nord-Fron si grense mot pkt. 1843 Heimdalshø, frå der i rett line ned til Sandbakkbekken. I sør er grensa mot Øystre Slidre.

Vinter:
Frå vinteren 2009 vart det opna for trening av fuglehund i perioden 1. februar til 31. mars. Treninga kan da foregåi heile Langmorkje statsallmenning, med unntak av den delen av almenninga i Vågå som ligg innanfor Jotunheimen nasjonalpark.

Kortsal og prisar:
Kort får ein kjøpt på  Randsverk kiosk og camping, Bessheim, Besseggen fjellpark/ Maurvangen og på fjellstyret si side for kjøp av jaktkort på Inatur ved å trykkje her. Prisane er kr. 50,- pr. døgn, eller kr. 200,- for eit periodekort. Innanbygds løyser eige kort.

Generelle reglar:
I februar kan det foregå småviltjakt utan hund i området. Ta hensyn til evt. jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe for utøving av jakt.
Innanfor treningsområdet kan ein også treffe på tamrein. I tamreinområde gjeld særskilde reglar for aktsemd, ved ferdsel, og bruk av hund. Det er gjeve reglar om dette både i Hundelova, og Reindriftslova.

Hundelova, § 7. Særlig om sikring av hund der tamrein beiter
I områder der tamrein lovlig beiter, skal hundeholderen se til at hunden ikke unødig uroer eller skremmer rein, selv om den er under kontroll eller bundet. Reinens eier kan kreve at en hund som uroer rein, blir holdt innestengt mens rein blir flyttet forbi bosted, seter eller hytte. Fylkesmannen kan gi forskrift om at hunder skal holdes i bånd eller forsvarlig innestengt eller inngjerdet når hensynet til reindriften tilsier det. 
Om ferdsel med hund i område hvor tamrein beiter, gjelder også reindriftsloven § 65.
Reindriftsloven § 65, 1. ledd. Ferdsel i område hvor rein beiter  De som ferdes i område hvor rein beiter, plikter å vise hensyn og opptre med varsomhet slik at reinen ikke unødig uroes eller skremmes under beiting, flytting mv. Særlig hensyn skal vises i forbindelse med reinens brunsttid, kalving, merking, skilling og slakting.