Hytter

Fjellstyret har seks hytter for utleige, dvs. Forsthytta i Randsverk, bue ved Nedre Leirungen, Vargebue, Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbue. Dei tre sistnenmde blir leigd ut berre til innanbygds. Alle hyttene så nær som Bessvassbue er lagt ut for booking på Inatur. Søknadsfrist (for innanbygds) for leige av Bessvassbue er 15. juni. Den blir ikkje leigd ut i vinterhalvåret.

For alle hyttene er nøkkel i ein boks ved døra. Koda får du oppgjeve direkte på kvitteringa ved bestilling av hytta (gjeld Forsthytta, bue ved Nedre Leirungen og Vargebue). Dei som leiger Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbue får oppgjeve koda som SMS (gjeld innanbygds).

Det er opphengt plakat med retningsliner for reinhald. Leigetakar har ansvar for å gjera reint etter seg! Dyner og puter kan brukast, men du må ha med eige sengetøy (laken, putetrekk, dynetrekk). I dei hyttene det ikkje er dyner må du i tillegg til sovepose ha med laken og putetrekk. Det er nødvendig utstyr for reinhald i hytta.

Prisar frå 2024 (inkl. moms):

 

                                                Innanbygds                    Utanbygds

Forsthytta                                       550,-                             750,-

Vargebue                                        500,-                             600,-

Bu Nedre Leirungen          500,-                             700,-

Vågåbue                                         500,-

Gjendeosbue                                  550,-

Bessvassbue                                  500,-

I hyttene er det kjøkenutstyr, utstyr til golvvask/oppvask, gass til kokeapparat og stearinljos. Oppvarming av hyttene skjer med vedomn/ peis, og det er ved i alle hyttene. Ingen av hyttene har innlagt vatn, vatn må hentast i næraste bekk eller tjønn/vatn. Forsthytta og Gjendeosbue har innlagt strøm, og kjøleskap m/fryseboks og ein hybelkomfyr/komfyr til å kokke på. I Vargebue, bue ved Nedre Leirungen og Vågåbue er det solcelleanlegg for belysning. Sengene har madrass og puter (dyner i Gjendeosbue og Forsthytta). 

Søknadsskjema for Bessvassbue, finn du under her. Du kan også sende søknad på e-post til vaga@fjellstyrene.no.

Trykk på knappen over for å opne skjemaet.

Steinholet leirplass

steinholet.jpg

Fjellstyret driv ein enkel campingplass som heiter Steinholet, plassen skal vera eit rimeleg alternativ for dei som vil liggje ei eller fleire netter. Den ligg ned mot elva Sjoa, midt mellom Randsverk og Gjende. Trass i navnet ligg plassen svært fint til og med liten trafikk omkring. Det er enkel standard, med to toalett, vasspost (vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn) og søppelcontainer. Det er utplassert fleire bord/benksystem. Prisen for overnatting er kr. 75,- pr. døgn og kr. 750,- for heile sommarsesongen pr. eining (telt/ campingvogn/ bubil). Betaling skjer kontant, eller med Vipps/ Kredittkort.

Spesielle attraksjonar og turtilbod

Sjodalsområdet har mange attraksjonar med basis i natur og kultur. Mange av desse utgjer ”bakteppet” for turismen, utan å vera spesielt tilrettelagde for det. Som eksempel kan nemnast dei mange fangstgravene, bua etter den legendariske Jo Gjende, litteratur med tilknyting til området (eks. Ibsens Peer Gynt), kulturlandskapet rundt setrene, gammal og stor fjellfuruskog, spesielle kvartærgeologiske førekomstar og ymse verneområde. Som eksempel på lett tilgjengelege og marknadsførte attraksjonar og friluftsområde kan nemnast Ridderspranget, Besseggen, Gjende og Hulderstigen.

Ridderspranget
Ridderspranget er eit juv i Sjoa, kjent frå segnlitteraturen. Segna handlar om riddaren Sigvat på Kvie i Valdres, som på 1300-talet ein gong røva ei jente frå riddaren Iva Gjæsling på Sandbu i Vågå. Jenta som vart kalla Skårvangs-sole fordi ho var så vakker, var glad i Sigvat og ville ikkje gifte seg med Iva. Sigvat henta jenta, sette garden Sandbu i brann og drog innover Sjodalen. Iva tok opp jakta med følgjet sitt og nådde att Kvieriddaren ved elvejuvet. Sigvat tok jenta under armen og hoppa over. For å vise korleis det ville gå med den første som prøvde seg, støytte Sigvat ein av sine eigne menn ned i fossen.

Ridderspranget er skilta frå riksveg 51. Ved parkeringa er det ei enkel tilrettelegging med informasjon, benkar/bord, toalett og avfallscontainer. Frå parkeringsplassen er det ein kort spasertur fram til juvet. Det er ei viss sikring på juvkanten. Vi åtvarar på det sterkaste mot å prøve på å hoppe over juvet. Det er livsfarleg.

                                                                                                                                 Hulderstigen

Hstigen9.jpg


Hulderstigen kallast den 5,5 km lange natur- og kulturstigen som startar ved Russlia i Sjodalen. Den vart opna i 1992, og traseen går i lett turterreng med ei sløyfe rundt Nedre Birisjøtjønn, der det er tilrettelagt ein liten rasteplass. Det er sett opp 15 informasjonstavler undervegs, med opplysningar om natur- og kulturhistoriske emne knytt til Sjodalsområdet. Ca. 1 km går i Stuttgonglia naturreservat. Kvar sommar er det ca. 20 personar som går stigen dagleg. 

Gjende

gjende.jpg

Gjende (av gammalnorsk gandr = rett, bein) er ein markant fjellsjø, 984 m.o.h. Innsjøen er 18 km lang og inntil 149 meter djup og strekkjer seg innover i Jotunheimen nasjonalpark. Breslammet frå elva Muru gjev vatnet ein spesiell grøn farge. Turen med M/S Gjende gjev eit mektig ”fjord”-inntrykk høgt til fjells. Omtrent midtvegs mellom Gjendesheim og Memurubu ser ein godt Besseggen.

Verna område

 

Jotunheimen nasjonalpark

nasjp.jpg

Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980, med eit totalt areal på 1.145 km². 277 km² av dette ligg i Vågå. Formålet med vernet er å verne eit vilt, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur. I nasjonalparken finn vi dei høgste fjella i Noreg (og i Nord-Europa), dei fleste breane i Noreg, frodige dalar og særmerkte vassdrag, høgderekordar for skog- og fjellplanter, beite for husdyr og tamrein, gode fiskevatn, og dei mest vanlege fugleartene i norske høgfjell.

urskog.jpg


Andre verneområde
I Langmorkje statsallmenning er Stuttgonglia naturreservat (4,1 km²), Styggemyra naturreservat (325 dekar) ved Birisjøen, og Birisjølia landskapsvernområde (3,4 km²), som alle vart verna i 1983. Formålet er m.a. å ta vare på eit urskogsprega furuskogområde, ei variert fjellmyr og eit kulturpåverka skogsområde. Blessumkalvkvea skogreservat (67 dekar) i Randsverk vart freda i 1918 etter lov om naturfreding, med formål å ta vare på furuskog med urskogpreg.

Kulturhistorie

                                      Dyregrav for fangst av elg, Kverngrov.

                                      Dyregrav for fangst av elg, Kverngrov.

Det er fyrst på overgangen mot yngre steinalder (3000-2500 f  Kr) funnmengda etter menneskeleg aktivitet i Jotunheimen aukar. Eksempel er buplassar ved Gjende og Russvatnet. Dyregraver, gamle buer og innsmogo viser at jakt og fangst var ein svært viktig leveveg. Av større funn må Griningsdalsfunnet frå yngre jernalder nemnast. Det er det største som er gjort så høgt til fjells i Noreg. Funnet inneheld mellom anna eit sverd datert til fyrste halvdel av 800-talet, pilespissar, øks, sigd, hammar og ei bronsespenne. Ei rekkje spor etter jernutvinning finst også i området, som f.eks. i Randsverk.

I Sjodalen og fjellområda omkring finst eit stort antal dyregraver for fangst av elg og rein. Desse vart bygde i gode og sikre dyretrekk. Reinsgravene er vanlegvis mura av stein, men det finst også jordgraver. Enkelte av dei mura gravene er heilt intakte. Storleiken på desse er vanlegvis to meter lange, to meter djupe og 0,6 –0,8 meter breie. Ofte er det fleire graver i eitt system, og mellom gravene var det som regel bygd såkalla ”bæg-arme” for å ”styre” reinen inn mot sjølve grava, som i bruk var dekt til med eit teppe av mose og lyng.

Dyreliv

I området er det generelt eit variert dyreliv der dei vanlege artane knytt til skog og snaufjell finst.

Reinen er høgfjellsarten framfor alle, med si tilpassing til låge temperaturar og karrige beiteforhold. Den er eit flokkdyr og er stadig på vandring. Vandringane skjer mellom beiteområde til ulike årstider, og i samband med kalvinga om våren. I Aust-Jotunheimen er det i dag tamreindrift, men på nordsida av Ottadalen mellom anna i Nordherad statsallmenning, er det villrein.

Elgen er vanleg i dette furuskogsområdet. Furubar er saman med vier og skot av ulike lauvtrearter viktig næring, spesielt i vinterhalvåret, og ein vaksen elg treng ca. 15 kg kvist og bar kvar dag.

Randsverkområdet og fremre delar av Sjodalen er eit viktig vinterbeiteområde for elg, ikkje berre for den stasjonære elgen, men også for ”trekkelg” som i juletider kjem heilt frå søre delar av Oppland til vinteropphald her. På ettervinteren trekkjer den tilbake til sine ”heimeområde”.

Jerven
Jerven streifar omkring i Jotunheimen. Bestanden er ikkje som på 1950/60-talet, men det blir observert spor etter jerv i Sjodalsområdet kvar vinter. Fjellreven er svært sjeldan, medan raudreven er vanleg til og med i høgfjellet.

Lemen opptrer år om anna i svært store mengder, og seinast i 1994 var det lemenår i distriktet. Lemen og andre smågnagarar er viktig føde for rovfuglar og mindre rovdyr, og bestandsvariasjonane for desse følgjer svingingane i smågnagarbestandane.

 


Mange rovfuglar hekkar i desse fjellområda, og ein kan oppleve å sjå både kongeørn, fjellvåk, jaktfalk, dvergfalk, tårnfalk, myrhauk og fleire ugleartar. I seinare år har det vore enkeltobservasjonar av snøugle i området. For vade- og andefuglar finst fleire gode våtmarksområde, som kommunen har gjeve eit visst vern i kommuneplanen.

Fjellrype

Fjellrypa har mellom anna med si kamuflasjedrakt, tilpassa seg eit liv i høgfjellet. Den finst i gode bestandar i området og kan påtreffast som ”turfølgje” etter dei vanlege fotrutene i Jotunheimen. Fjellrypa er for mange eit ettertrakta jaktobjekt, men etter dei fyrste snøfalla om hausten, samlar den seg ofte i mindre flokkar og er som regel vanskeleg å kome innpå.

Lemen opptrer år om anna i svært store mengder, m.a. i 1994 var det eit skikkeleg "lemenår" i distriktet.

Planteliv

 
mogop.jpg

Dei store variasjonane i berggrunn, topografi og klima gjer at området har ein svært variert flora. Ingen stad i Skandinavia kryp vegetasjonen høgare oppover enn i Jotunheimen, og med høgderekord for fleire planteartar. Det er i Jotunheimen funne over 40 blomsterplantar over 2.000 meter. I dei bratte fjellsidene langs Gjende finst typiske låglandsartar som liljekonvall, markjordbær og tysbast.

Mogop
Mogop pryder fylkesvåpenet til Oppland, og finst lokalt i store mengder. I Vågå kallast han geitblome. Mogopen tilhøyrer soleiefamilien, er fleirårig og treng næringsrik jord. Den blomstrar så snart snøen forsvinn i mai – juni og opptrer i store mengder på tørre plassar.

I dei stupbratte fjellsidene langs Gjende finst fjelldronning i tusenvis på seinsommaren. Fjelldronninga er Noregs nasjonalplante. Dette er ei utprega norsk plante og er ikkje så vanleg elles i Europa.

 

lapprose.jpg

Av meir sjeldne plantearter i Sør-Noreg og som finst i området, kan lapprose nemnast. Denne Rhododendron-arten med det latinske namnet ”Rhododendron lapponicum” er ei dvergbusk med raud-fiolette blomar som spring ut i mai – juni straks snøen blir borte. Den veks på kalkrik grunn.

Ferdselsreglar

Båndtvang
Vågå kommune innførde i 2006 ny forskrift om bandtvang for hund. Ordinær bandtvangperiode er 1. april - 20. august. Kommunestyret vedtok den 30.05.06 med heimel i Hundelova, forskrift om bandtvang for hund. Bandtvangsperioden vart da utvida t.o.m. 1. oktober i beiteområda, grunngjevinga frå kommunen var at dette vart gjort for å forebyggje uheldige situasjonar med laushund og beitedyr. Den utvida bandtvangen gjeld ikkje jakthundar, gjetarhundar, tenestehundar, ettersøkshundar og hundar i organisert trening. Utanom bandtvangstida kan hunden vera laus, men det krevst at eigaren/brukaren har kontroll over hunden og kan gripe inn raskt dersom det er naudsynt.
Heile forskrifta finn du her.

Campingregulering
Regulering av camping i Langmorkje statsallmenning er eit samarbeidstiltak mellom Vågå kommune, Vågå fjellstyre og Statskog. Vedtaket om regulering er gjort med heimel i friluftslova. Motivet for reguleringa er mellom anna å hindre naturslitasje og forsøpling, verne om dyre- og planteliv, kulturminne og landskap. Det var omfanget av trafikken både utanom og langs med vegane som gjorde det nødvendig med regulering. Reguleringa inneber at camping, dvs. overnatting eller attsetting av bubilar, campingvogner, kombicamps og hustelt, er lovleg berre på plassar som er særleg tilrettelagt for det, dvs. etablerte turistbedrifter og campingplassar. Parkering og rasting for stuttare tid er lovleg.

Reglar for ferdsel på Sjoa
Sjodalen har sitt namn frå Sjoa (av gammalnorsk hjàr = den glitrande), elva som renn ti mil frå fjellsjøen Gjende i Jotunheimen nasjonalpark og ut i Gudbrandsdalslågen. Sjoa er gjennom Stortingsvedtak i 1973 varig verna mot kraftutbygging. Snøsmelting i høgfjellet gjev jamn og høg vassføring i elva heile sommaren, og den er såleis ei svært populær elv til ulike former for elvesport. Det er fleire raftingselskap som driv kommersielt i Sjoa. Deler av Sjoa er ikkje farbar med elvefarkostar, og dessutan kan enkelte strekningar vera farlege ved stor vassføring.

Fordi bruken av Sjoa har vorte utvida og intensivert dei seinare åra, sette kommunane Sel og Vågå i 1992 i gang eit arealplanarbeid for elva og omkringliggjande areal. Dette resulterte i at det vart innført ferdselsreglar i tilknyting til Sjoa. Det er såleis ikkje høve til å rafte, padle eller på anna vis ta seg fram i elva utanom visse strekningar. I Sjodalen er det opna for slik ferdsel på strekninga Steinholet – Grjotåa. Regelen gjeld ikkje på Øvre og Nedre Sjodalsvatn.

Reglar for bruk av båtmotor
Det er lov å nytte båt med motor inntil 10 hk. på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre og Øvre Sjodalsvatn. På Bessvatnet og Russvatnet som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan båt med motor inntil 6 hk. nyttast berre i samband med utøving av bruksrett (innanbygds). På Gjende, som og ligg i Jotunheimen nasjonalpark, er og motorbruken knytt til bruksretten, det vil seie at bruk av motor berre kan skje av innanbygds ved utøving av jakt, fiske og tilsyn med beitedyr, og da med motor opp til 10 hk. På alle andre vatn og elvestrekningar innanfor Langmorkje statsallmenning er det ikkje lov å nytte båtmotor.

kjele.jpg

Andre reglar
 I området er det vanlegvis lite nedbør. Det er difor i enkelte periodar svært stor skogbrannfare. Det er ikkje lov å tenne bål i skog og mark mellom 15. april og 15. september. Dette forbodet gjeld ikkje på snaufjellet.