Fiske

                                         Isfiske etter røya på Flatningen

                                       Isfiske etter røya på Flatningen

Det er generelt gode moglegheiter for fiske. Innan området er det lange elvestrekningar, store innsjøar som Gjende (ca. 2 mil lang) og små ”bortgøymde” tjønn. Hovudarten er aure, men det finst også røye i to vatn; Flatningen og Surtningen. Mange av vatna og elvestrekningane er lett tilgjengelege frå bilveg, men det finst også vatn og tjønn langt til fjells.

Noko av sjarmen med å fiske er å finne sine eigne plassar og prøve seg fram med agn og fiskemåtar. Men av dei mest populære plassane kan vi nemne Sjoa frå utløpet av Gjende og nedover. Dorging på Lemonsjøen og Flatningen er populært, samt isfiske etter røye på Flatningen. 

Fakta om tilbod

 

fangst2.jpg

Det er felles fiskekort for elvar og vatn i Langmorkje statsallmenning og Vågå kommune sine eigedomsvatn Flatningen, Nedre Sjodalsvatn og Gjende med osen og elva ned til Øvre Sjodalsvatn. Kortet gjev også rett til fiske i Diprtjønn og elva Dipra i Nordherad statsallmenning.

For utanbygdsbuande er det tilbod om stongfiske i alle vatn og elvar, garn- og oterfiske på: Veslvatnet, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Brurskarstjønn og Øvre Leirungen. I tillegg kan utanbygds fiske med oter på: Kvitingen, Surtningen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Nedre Leirungen, Bessvatnet, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen. Innanbygds har utvida adgang til fiske med garn, reiv og oter. Det er opna for isfiske på alle vatn.

Private vatn og vatn med privat fiskerett i Langmorkje statsallmenning, samt ei strekning i Sjoa med privat fiskerett, er avmerka med rosa farge på jakt- og fiskekartet. Desse er ikkje med i fiskekortordninga. Nedre Heimdalsvatn, som grensar inntil Langmorkje statsallmenning er heller ikkje med i fiskekortordninga.

Kortsal og prisar

Det kan løysast både 1-døgn-, 3-døgn-, vekes- og sesongkort. For stongfiske kan det for alle korttypene og løysast familiekort, for dei to andre korttypene er det kun for sesongkort ein kan løyse familiekort.
Kort kan løysast på følgjande stader:

Vågåmo

YX Vågå 

Lalm 

Coop Marked Lalm 

Randsverk/Lemonsjøområde

Grov camping                 Randsverk kiosk og camping

Skarå camping 

Lemonsjø fjellstue 

Sjodalen/ Gjendeområdet

Sjodalen hyttetun          Besseggen fjellpark/ Maurvangen

Hindsæter fjellhotell      Gjendesheim

Heimsand camping      Memurubu

Krambua                      Gjendebu

Bessheim fjellstue 

Heidal 

YX Bjølstadmo 

Dei ulike bedriftene har noko varierande lengde på sesongen, men fleire av dei har heilårsdrift. Skal du kjøpe fiskekort utanom høgsesongen så kan det vera greitt å kontakte kortselgjar eller fjellstyrekontoret på førehand for å undersøkje om den aktuelle kortselgjaren har ope.

I tillegg kan kort kjøpast over Internett, på Inatur

Prisar (sist regulert i 2016)

0fc6667378897beb3659961a607a1496.png
 
 

* Korttype berre for utanbygdsbuande med fast adresse i Norge.
** Korttype berre for innanbygdsbuande i Vågå kommune. 
Prisen i parentes er pris for familiekort, og gjeld for ektefeller/sambuarpar/einslege m/barn under 20 år. For korttypene "Stong-/ oter-/ garnfiske for utanbygds" og "Kort for innanbygds" er det kun for sesongkorta ein får kjøpt familiekort.

Barn under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong, handsnøre eller ved isfiske.

For barn og ungdom i Vågå (innanbygds) opp til og med fylte 19 år er fiskekortet gratis. Sjølv om kortet er gratis, må dei likevel løyse kort.

I tillegg til det vanlege fiskekortet har Vågå fjellstyre eit samarbeid med Lom fjellstyre, og Luster Austre fjellstyre om eit felles fiskekort laga for deg som vandrar i Jotunheimen, og vil fiske i fleire vatn og vassdrag. Kortet gjeld for delar av Luster Austre, Leir- og Bøverdalen, Visdalen, Vårdalen og Langmorkje statsallmenning. For Vågå fjellstyre sin del så gjeld kortet den delen av statsallmenninga som ligg innanfor Jotunheimen nasjonalpark. For meir informasjon, og kjøp av kort kan du gå inn på denne sida: Fiske i Jotunheimen

Oversikt over kortsalet

Oversikt over kortsalget dei to siste åra finn du her:Fiskekortsalg 2017

Er du interessert i å sjå statistikk over kortsalget frå fleire år finn du oversikt over kortsalget dei siste 10 åra her: Fiskekortsalg 2008-2017 .

 

FISKEREGLAR

Vågå fjellstyre og Vågå kommune har fastsett følgjande fiskereglar for Langmorkje statsallmenning og for Vågå kommune sine eigedomsvatn og elv. Reglane vart sist revidert i 2018.

 

1. Fiskekort må løysast før fiske tek til. Dei under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong, og isonglar. Dei under 16 år som fiskar med annan reiskap enn stong, eller isonglar, må løyse fiskekort. Ved fiske frå båt, kan fiskaren, dvs. den som handterer reiskapen, ha med seg ein hjelpar til å ro eller styre båten utan at denne treng å løyse kort.

 

2. Dei som er busette i Norge har høve til å fiske med ei stong , oter (sjå pkt. 7), garn (sjå pkt. 8) og isonglar (sjå pkt. 5). Utlendingar (som ikkje bur i Norge) har høve til å fiske med ei stong. Dette omfattar også isfiske, men ikkje bruk av isonglar.
Innanbygdsbuande, dvs. dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Vågå kommune, kan fiske med stong, oter, isonglar, reiv og garn.

 

3.Det er til kvar tid forbode å nytte annan reiskap enn stong, handsnøre, oter, isonglar, reiv og stågarn (botngarn). I elv og bekk er fiske frå båt og alt anna enn stongfiske forbode. Hov kan nyttast som hjelpereiskap.

 

4.Fiske med stong er lov frå og med 15. mai t.o.m. 10. oktober.
Stong som er utsett frå land og ikkje vert passa på blir å rekne som fastståande reiskap (reiv).

 

5.Isfiske er lov på alle vatn. Dette inkluderer bruk av isonglar, dvs. pilkestikkar som er utsett. På Flatningen er det ikkje lov å nytte isonglar. Det er lov å nytte inntil 5 isonglar pr. fiskar pr. vatn. Isonglane skal vera merka med fiskaren sitt namn. Ved bruk av isonglar over to eller fleire dagar skal fiskaren sjå etter dei minst to gongar kvar dag. Bruk av rykkpilk er ikkje lov.

 

6.Dorging er lov f.o.m. 1. juni t.o.m. 15. sept. Dorg er ei stong med eitt kroksett (dvs. ein sluk, ein spinnar e.l.), og dorging er bruk av dorg frå båt i rørsle. Det er lov å nytte to stenger pr. fiskar.
På vatn der det er opna for garnfiske (dvs. Veslvatnet, Kvitingen, Surtningen, Flatningen, Melingen, Slomtjønn, Lemonsjøen, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Bessvatnet, Gjende, Øvre og Nedre Leirungen og Brurskarstjønn) er det lov å dorge berre mellom kl. 10 og kl. 17 i garnfiskeperioden, dvs. i tida 15. juni 30. juni, 1. august til 15. sept. (i heile juni for Melingen, Surtningen, Veslevatnet og Slomtjønn). Det same gjeld all fiske med stong frå båt, med unntak av fiske med flugestong, som er lov frå båt til kvar tid i heile stongfiskeperioden. for å unngå konflikter med anna fisking, spesielt oterfiske er det viktig å ta hensyn til andre når du dorgar. Bruk "høgrereglen", dvs. ta til høgre når du set uti båten (mot sola).

 

7.Oterfiske er lov f.o.m. 1. juni t.o.m. 15. sept. I garnfiskeperioden, på vatn der det er opna for garnfiske (sjå pkt. 6) er oterfiske lovleg berre mellom kl. 10 og kl. 17. På Gjende og Bessvatnet kan oterfiske skje mellom kl. 17 og kl. 10 også i heile garnfiskeperioden.
Innanbygds kan fiske med oter og med bruk av båt på alle vatn.
Utanbygds kan fiske med oter på Veslvatnet, Kvitingen, Surtningen, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Bessvatnet, Brurskarstjønn, Nedre Leirungen, Øvre Leirungen, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen. Oterfiske frå båt kan skje på dei nemnde vatna med unntak av Bessvatnet, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen.
Det kan nyttast ein oter pr. båt og maks. 30 kroksett (spinnarar, fluger e.l.) pr. oter.Ved inntak av oter kan det nyttast ei ekstra oterfjøl. For å minske farane for konflikter, skal det ved oterfiske frå båt, nyttast "høgreregelen", dvs. ta til høgre når du set uti båten (mot sola). 

 

8.Garnfiske for utanbygds kan skje på Veslvatnet, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Brurskarstjønn og Øvre Leirungen i tida 15. juni kl. 17 til 30. juni kl. 10 (På Veslevatnet, Melingen, og Slomtjønn frå 1. juni kl. 17), og i tida 1. august kl. 17 til 15. sept. kl. 10, med inntil 4 garn pr. fiskar og med 29 mm som største maskevidde. På alle dei 8 vatna kan det i tillegg til dei 4 garna nyttast 1 garn på 35 mm. På Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, og Brurskardstjønn må det for kvart garnsett (person) vera minst eitt garn på 24 mm eller mindre. Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 m., og kan ha ei høgde på inntil 2 m. Ein person kan fiske med garn på to vatn pr. natt, men da må eitt av dei to vatna anten vere Melingen, Veslevatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen eller Griningsdalsvatnet. Mellom kl. 10 og kl. 17 er det ikkje lov å ha garn ståande i vatna. Alle garn/ garnrekkjer skal markerast med ein lett synleg gjenstand, merka med fiskaren sitt namn. Ved garnrekkjer på 3 eller fleire garn skal det nyttast merke for kvart 3. garn. Alle som er med i garnfiske må delta aktivt under fisket, dvs.både ved utsetting og inntaking.
Reglar for bruk av fastståande reiskap for innanbygds er opplista i eit eige vedlegg.

 

9.Ved ulovleg fiske frå båt, når to eller fleire driv saman, kan roaren eller den som styrer båten bli stilt likt med den som handterer reiskapen. Brot mot reglane er straffbart. Reglane vart sist revidert i 2018.

 

10. Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet og Gjende, med maks. 10 hk (på Bessvatnet med maks 6 hk). På Bessvatnet og Gjende, som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan motorbåt berre nyttast av innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske).

Fiskereglane og fiskekortsalet gjeld ikkje for følgjande private vatn, vatn eller elvestrekning med privat fiskerett: Russvatnet, Ingulsjøen, Tjønnosen, Sjugurdsjøen, Grjothovdtjønn, Dravtjønn og Eldbuhølane.

Reglar fastståande reiskap

Vedlegg til pkt. 8 i fiskereglane. Gjeld for innanbygdsbuande

 

REGLAR FOR FISKE MED FASTSTÅANDE REISKAP

A

Garnfiske er lov i tida 15. juni (kl. 17) – 30. juni (kl. 10) og i tida 1. august (kl. 17) – 15. september (kl. 10). På Gjende er garnfiske lov frå 15. juni (kl. 16)  til 5. oktober (kl. 10). På Melingen, Surtningen, Veslvatnet og Slomtjønn er garnfiske også lov i tida 1. juni (kl. 17) til 15. juni (kl. 10)

GARNREGLAR18.jpg
 

Fiskarane blir oppfordra til også å nytte dei småmaska garna der dette er lov.
Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 meter, og kan ha ei høgd på inntil 2 meter. På Flatningen kan det nyttast garn med høgd på inntil 4 meter.

B

Fiske med reiv er lov berre i dei vatna det er opna for garnfiske og i same tida som for garnfiske. På vatn der det ikkje er opna for garnfiske kan ein likevel setje ut ei stong som kan stå over natta.
Ved fiske med reiv kan det nyttast inntil 50 krokar pr. fiskar.

C

Generelle reglar for fiske med fastståande reiskap (garn, og reiv)

Ein og same person kan ikkje fiske på meir enn eitt vatn med fastståande reiskap pr. natt. Men det er opna for fisking med fastståande reiskap på to vatn same natt, men da må eine vatnet anten vera Melingen, Surtningen, Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen eller Griningsdalsvatnet, eller det kan fiskast med fastståande reiskap på to av desse vatna same natt. Mellom kl. 10 og kl. 17 er det ikkje lov å ha garn eller reiv ståande i vatna.

Alle garn/garnrekkjer, reiv (ved bruk av line med utsetting frå båt) skal markerast med ”garnkule” eller ein annan lett synleg gjenstand merka med fiskaren sitt namn. Reiv (utsett frå land) skal vera merka med fiskaren sitt namn. Ved garnrekkjer på minst 3 garn skal det nyttast garnkuler/merke for kvart 3. garn.

Det er til kvar tid forbode å setja garn og reiv nærare utløpsosen på Bessvatnet, inn- og utløpsosen på Øvre Leirungen, Sjoa sitt inn- og utløp på Øvre Sjodalsvatnet, Leirungsåa, Svarva og Memuruelva på Gjende, samt Sjoa sitt innløp i Nedre Sjodalsvatnet enn 100 meter. Ved Gjendeosen går denne grensa til oppsette merke på båe sider av vatnet (ca. 2-300 m frå båtbryggja).

Alle dei som er med i garnfiske og reivfiske (dvs. når to eller fleire fiskar saman med kvar si garnkvote), må delta aktivt under heile fiske, dvs. både ved utsetting og inntaking av reiskapen.

Det er ikkje sett noko nedre aldersgrense for å kunne delta med kvote i fiske med garn eller reiv. Men ein generell regel er at den som deltek i slikt fiske, må under normale vindforhold, vera i stand til å ro/styre båten eller kunne handtere reiskapen.

Ver nøye med tida, ikkje set uti garn eller reiv før kl. 17 (på Gjende og Bessvatnet kl. 16). Ved svært sterk vind kan garn eller reiv stå lenger i vatnet enn til kl. 10. Dersom det er praktisk mogleg, bør fjelloppsynet bli varsla dersom garn eller reiv ved slike værtilhøve blir ståande lenger enn til kl. 12.

Båtar

Veslvatnet                 Lemonsjø fjellstue

Kvitingen                   Lemonsjø fjellstue

Surtningen                Lemonsjø fjellstue

Slomtjønn (2 båtar)   Lemonsjø fjellstue

Melingen                  YX Heidal (Bjølstadmo)

Birisjøen                   Heimsand camping

Nedre Birisjøtjønn    Heimsand camping

Griningsdalsvatn      Heimsand camping

Nedre Leirungen      Besseggen fjellpark

Øvre Leirungen        Besseggen fjellpark

Brurskarstjønn         Besseggen fjellpark

                                              Båten ved Øvre Lreirungen

                                            Båten ved Øvre Lreirungen

Prisen er kr. 100,- pr. døgn evt. kr. 500,- for sesongkort. Den som løyser sesongkort har ikkje større fortrinnsrett til bruk av båtane enn andre, systemet vil fortsatt vera slik at den som tingar båten fyrst får leige den fyrst. Sesongkortet gjeld for alle båtane som Vågå fjellstyre leiger ut slik at ein ved å vise fram kvittering for løyst sesongkort kan nytte båtane på andre vatn. Lån av båtane er gratis for innanbygds. På utleigestaden får du og lånt redningsvestar gratis, vestane er i størrelse frå 40 kg. til 90+. I tillegg har fjellstyret båtar til utlån i vestenden av Gjende, og ved Bessvatnet, dette er båtar som primært er til utlån foe dei som leiger Vågåbua, eller Bessvassbua. 

Reglar for bruk av motorbåt:

Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn, største tillatne motorstyrke er 10 hk. På Bessvatnet (6 hk) og Gjende, som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan motorbåt berre nyttast av innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske).

Utsetting av fisk

                Fjelloppsyn Knut Øyjordet set ut fisk i Diprtjønn

              Fjelloppsyn Knut Øyjordet set ut fisk i Diprtjønn

Fisken blir produsert i AS Vågåfisk, eit fiskekultiveringsanlegg som ligg i Randsverk, og som fjellstyret er medeigar i. Fisken som blir sett ut er av lokale stammer, frå Gjende og Lemonsjøen. Dei tilsette i Vågå fjellstyre er ansvarlege for den daglege drifta av anlegget. Det er pålagt minst 4 veterinærbesøk i året, all fisk som blir utsett er kontrollert for å væra sikker på at ein ikkje sprer sjukdomar eller parasittar med settefisken.

Ved utsetjing blir fisken transportert anten i kasser, med oksygentilførsel, eller i plastsekker som er fylt med vatn og oksygen og som blir snørt slik at dei er heilt tette. Transporten skjer med bil og båt der det er veg inntil, eller til fots med fisken i ryggsekken.

Vågå fjellstyre har dei siste åra sett ut i gjennomsnitt 13000 settefisk kvart år. Mesteparten av den er 2- somrig eller 2 årig, det vil seie at den er i størrelsen 4,5-7,5 cm. eller 7,5-10 cm. Det er fleire årsaker til at ein vel å setja ut såpass "liten" fisk, men ei av hovudårsakene er at den tåler transporten, og handteringa ved utsetjing betre enn større fisk. Tabell som viser utsetjing av fisk frå 1993 til 2017 finn du her: Utsetting fisk 1993-2017

Tilretteleggingstiltak

huk2.jpg

Tjønna ved Grov camping er spesielt tilrettelagt for rullestolbrukarar. Heile anlegget vart renovert i 2012/ 13. Det vart da m.a. bygd ein ny stor gapahuk, ny bryggje for rullestolbrukarar, og betra adkomst til tjønna. Sommaren 2015 vart det og bygd ein do der.

Fjellstyret har sett opp tre gapahuker spesielt tenkt for fiskarar, ein ved Gjendeosen, ein på Hindvangen og ein på Holmen ved Flatningen.

Diverse

Fiskeutsetjing_Flatningen.jpg

Merka fisk er fisk med klipt feittfinne og som er utsett som 2-somrig/2-årig settefisk. Merkinga starta opp i 1998. Dei siste ti åra har det årleg vore sett ut 5.000  settefisk på Lemonsjøen. Fram til 2014 var det årleg sett ut 4000 på Flatningen, med bakgrunn i registreringane av merka fisk, og vurdering av fiskebestanden på Flatningen vart utsettet redusert til 2000 ifrå 2015.

Målet med registreringa er på sikt å finne ut kor stor del av aurebestanden som er utsett og kor stor del som er rekruttert naturleg. Dette er til stor hjelp i kultiveringa. Registrering av merka fisk blir gjort av enkelte fiskarar, som stiller velvillig opp og fyller tala inn på eit skjema, og leverer det inn kvar haust etter fiskesesongen. Registreringa så langt viser at det er langt mindre med merka fisk i fangstane på Flatningen enn på Lemonsjøen. 

Oversikt over årleg gjenfangst av merka fisk på Lemonsjøen og Flatningen finn du her:  Registrert merka fisk - oversikt