Utvida tilbud for jakt med fuglehund for utanbygds!

Med bakgrunn i årets produksjon av lirype vil Vågå fjellstyre i år utvide tilbudet til utanbygds jegerar med fuglehund. Ut ifrå takseringane, og observasjonane som er gjort under fyrste del av jakta, meiner vi at bestanden er så bra at dette er forsvarleg.

Det blir opna for eit begrensa kortsalg i perioden 06-31.10.18 Det blir tilgjengeleg 5 kort i kvart jaktfelt pr. dag, det vil kun bli seld døgnkort (pris 250,-). Korleis jaktfelta er inndelt finn du på jakt og fiskekartet vårt som ligg ute både her på heimesida (Jakt og fiskekart) og på Inatur. Jaktkortet blir kun tilgjengeleg for kjøp på Inatur. Salgsstart blir 02.10 kl. 18.00, alle korta for heile perioden blir lagt ut likt.

Kjøpte jaktkort blir ikkje refundert (Dette gjeld og ved evt. vanskelege vær, og føreforhold). Ein kan heller ikkje rekne med at jaktkortet kan endrast med tanke på dato eller jaktfelt. Jaktkortet er personleg og kan ikkje overførast til andre.

Dagskvota er 3 ryper, som for andre jegerar.

Til informasjon er det helga 13-14.10 planlagt ei treningssamling i regi av Gudbrandsdal fuglehundklubb i Sjodalen, ein må difor rekne med å treffe grupper som er ute på organisert trening dei to dagane.

Erik Myrum