Tildeling av buer/ hytter for innanbygds.

Tildelinga av buene til innanbygds (Gjendeosbua, Vågåbua og Bessvassbua) vart gjort fredag 22.06. Det vart sendt ut svar på e-post fredag til dei som hadde søkt elektronisk, nokre få får svaret sitt i posten. Interessa varierer noko, Bessvassbua er så å seie fullbooka frå 1.08 til 16.09, men det er nokre ledige døgn på slutten av garnfiskeperioda. I Vågåbua er det ein del ledig frå omkring 20.08 og utover, og særleg god plass utover i september. I Gjendeosbua er det fortsatt att ein del ledig plass, særleg midt i veka. Er du interessert i å leige nokor av buene er det berre å ta kontakt med oss (Gjerne på mail).

Erik Myrum