Søknad om villreinjakt for innanbygds på statsallmenningane i Vågå og Lom.

Alle som skal søkje villreinjakt som innanbygds på statsallmenning i Lom og Vågå må frå i år sende søknad via Inatur. Gå inn på Inatur og Finndalen fjellstyre si side «Villreinjakt for INNANBYGDS i statsallmenningane i Lom og Vågå», logg deg inn og send søknad (Har du ikkje nytta Inatur før må du registrere deg som brukar fyrste gongen du loggar deg inn). Ved å bruke Inatur har ein god kontroll på at søknadane kjem fram, jegeren får automatisk bekrefting på at søknaden er motteke, og det er svært enkelt å få ut liste med oversikt over alle søkjarane. Vi vil og vera sikre på at vi har oppdatert kontaktinformasjon på alle søkjarane. Inatur har og etterkvart vorte ei nettside som mange kjenner.

Om du ynskjer å vera med i trekninga på alle typer dyr MÅ du søkje på alle typer dyr, og om det er ei korttype som ikkje er aktuell for deg så unnlet du berre å søkje på den korttypen. Søknadsfrist 10.05.19

Handsaminga av søknadane, og trekninga, blir gjennomført lokalt, og på akkurat same måte som tidlegare.

Det er fleire årsaker til at ein endrar søknadsprosedyre: Som mange er kjent med har det dei siste åra vore brukt å sende søknad på e-post. Dette har fungert forhaldsvis greitt, men det har og vist seg at det er eit system med enkelte svakheiter, og som er forhaldsvis arbeidskrevjande. Det kan ma. i enkelte tilfeller skje at e-postar ikkje kjem fram. Vi har løyst dette ved å ha rutiner for å sende bekrefting på motteke søknad, samt å publisere søkjarlista ei tid før trekning. Det har og vorte forhaldsvis vanleg at ein og same person sender søknad for seg sjølv og ein eller fleire jaktkameratar frå same e-postadressa. Dette har vist seg å vera eit problem når ein skal sende ut svar/ tilbud om jakt. Det er lett for at om same mottakar får fleire like e-postar frå same avsendar så blir dei stoppa/ havnar i søppelfilteret. Og det har tidvis vore vanskeleg å nå enkelte søkjarar sidan kontaktinformasjonen ofte har vore mangelfull, og innehavar av e-postadressa ikkje heile tida har vore like flink til å følgje opp og vidarsende informasjon til den/dei han/ ho har søkt for.

Erik Myrum