Ope møte - forslag til ny fjellov.

Vågå kommune og Vågå fjellstyre arrangerer ope møte i samband med høyringa av forslaget til ny fjellov.

Stad og tid: Kulturhussalen i Vågå onsdag 30. januar kl. 18.30.

Program:

  • Orientering om statsallmenningane i Vågå v/ Ivar Vistekleiven (leiar i Vågå fjellstyre)

  • Orientering om høyringsforslaget - dei viktigaste endringane v/ Hanne Velure (leiar i USS og medlem av Statsallmenningslovutvalet).

    Pause med kaffe og biteti

  • Ny fjellov - Følgjer for bruksrettshavarar og innbyggjarar i Vågå kommune v/ leiar i Norges Fjellstyresamband Jan Olav Solstad.

  • Ordskifte

Alle er velkomne!

Erik Myrum