Ledige dyrkingsparsellar i Langmorkje statsallmenning

Det er ledig to dyrkingsparsellar i Langmorkje statsallmenning. Den eine ligg i Synstlie, og med totalt areal på ca. 64 dekar (ca. 60 dekar er dyrka). Den andre ligg på sørsida av Melingen og er på ca. 7,5 dekar. Kart over dei aktuelle parsellane og søknadsskjema finn du nedanfor. Søknadsfrist er 10. februar 2019. Det er berre å ta kontakt med fjellstyrekontoret ved Knut Øyjordet (tlf. 90966277) dersom du har spørsmål. Tidlegare festarar av parsellane kan også svare på spørsmål om bruken av dei, dvs. Rolv Ivar Bergdølmo (tlf. 99622936) for parsellen i Synstlie, og Ivar Bolstad (tlf. 95757432) for parsellen ved Melingen.

 PS! På karta er heile arealet for festenummeret vist. For parsellen i Synstlia er det totale festa arealet større enn 64 dekar. Det er arealet som er dyrka opp i dag som vil bli utvist til ny brukar (ikkje myrområdet i nord). Det same gjeld for parsellen ved Melingen. Det aktuelle arealet på 7,5 dekar gjeld området austafor bekken (Lauvåe), og med tilkomst også austafor bekken.

Link til kart og søknadsskjema finn du her:

Kart parsell i Synstlie

Kart parsell ved Melingen

Søknadsskjema ledig dyrkingsparsell

Erik Myrum