Ledig jaktfelt for hjort ved Gjende.

Vågå fjellstyre og Lom fjellstyre som samarbeider om jaktfeltet ved Gjende, er samde om å opne for hjortejakt på feltet denne hausten.  Det er fastsett ei kvote på 2 dyr, ein vaksen bukk og eit ungdyr/ kalv.

Jakttid 15.9. – 31.10.  Det er rullering av storviltjakta på dette feltet mellom Vågå og Lom, og Lom står for tur til å ha jakta.  Det har vorte annonsert, men ingen lag frå Lom har søkt. Difor blir jakta med dette annonsert for jaktlag i Vågå. Jaktlag som ikkje har elg- og hjortejakt i Langmorkje 2019 blir prioritert fyrst. Det er krav om min. 4 jegere i jaktlaget, og laget må ha eigen godkjent ettersøksekvipasje. Grunnpris: kr. 1.500,- pr. dyr. Kg. pris ved felling: kr. 76,- (ingen momsplikt).

Det blir elles vist til dei generelle, og lokale reglane for elg- og hjortjakt i Langmorkje statsallmenning. Søknad med fullstendig liste over alle på jaktlaget skal sendast Vågå fjellstyre som e-post til vaga@fjellstyrene.no , innan 10. september.

For meir info: Knut Øyjordet tlf. 90966277.

Erik Myrum