Jakt på elg og hjort

Langmorkje statsallmenning er inndelt i åtte jaktfelt for jakt på elg og hjort, der fem av dei åtte felta blir tildelt innanbygds jaktlag, medan tre felt er ”ope for alle”. Jaktfelta blir tildelt på tre og tre år, og alle er ledige same året, dvs. i 2010, 2013 osv. Alle 8 jaktfelta vil bli annonsert ledige på vårparten 2010.

For elg- og hjortejakta blir annonsering, mottak av søknader og trekking ordna samla for alle statsallmenningane, medan inngåing av kontrakt med jaktlag, fakturering, veging av dyr, innsamling av underkjevar osv. normalt skjer lokalt frå det enkelte fjellstyre.

Informasjon om ledige jaktfelt og søknadsprosedyre får ein på iNatur (www.inatur.no) eller hjå ”Elgjakt på statsallmenning”, Høvdingveien 10, 7725 Steinkjer.