Statistikk jaktkortsalg

Vågå fjellstyre har dei siste åra seld mellom 1000 og 1300 jaktkort for småviltjakt. Dei fleste av desse korta er 1- og 3-døgnskort for utanbygdsjegarar utan hund. For innanbygdsjegarar er kortsalet ganske stabilt på 100-120 kort i året, dei fleste av desse er sesongkort. For jakt med harehund etter den 18. oktober varierer kortsalget noko, avhengig av jaktforholda utover hausten. Jakt med fuglehund for utanbygds, og jakt med harehund fyrste veka, frå 11. oktober er begrensa. Det er dei siste åra seld 70 kort for jakt med fuglehund til utanbygds, og 25 kort for jakt med harehund den fyrste veka.

Interessa for småviltjakt er stor. Vågå fjellstyre har teke eit bevisst valg om å la området  vera tilgjengeleg for jegarane, og har valt å behalde ordninga med fritt kortsal for støkkjakt. Sjølvsagt heile tida vurdert opp mot det jakttrykket ein meiner bestanden tåler.

Det er dei fyrste dagane i jakta ein opplever mest folk i fjellet. Om ein ser på 1- og 3-døgnskort for utanbygds jegarar utan hund viser det seg at omlag 40% av desse korta blir løyst med tanke på jakt frå 15.-17. september. Tek ein med perioda fram til og med andre helga i jakta (15.-24. september) er ca. 52% av korta løyst for desse fyrste dagane, i tillegg kjem vekeskorta og dei som løyser sesongkort. Det seier seg sjølv at ein i desse dagane vil måtte rekne med å sjå ein del andre jegarar i fjellet. Vi veit og at det er lett for at jegarane samlar seg på dei mest kjende, og lettast tilgjengelege plassane i terrenget.

I tillegg til korta som er seld i Langmorkje sel Vågå fjellstyre jaktkort i Nordherad på nordsida av Ottadalen. Fjellstyret samarbeider der med Nordherad Grunneigarlag og Nordherad bygdeallmenning om jaktkort for det som blir kalla Nordherad fellesområde.

Dei som vil sjå heile statistikken, som viser kortsalget attende til 1993, finn den her.

jakt1