Fakta om tilbod
I Langmorkje statsallmenning er det fritt kortsal for småviltjakt utan hund, jakttida er frå 15.september til 28. februar.
Når det gjeld rypejakt med hund for utanbygdsbuande har Vågå fjellstyre totalt 70 kort som blir fordelt etter loddtrekning, søknadsfristen er 1. april. Dei 70 korta er fordelt på to 5-døgns perioder, og med jaktstart den 15. september. Periode 1 går da frå 15.-19. og periode 2 frå 20.-24. september. Det er for tida ikkje åpna for rypejakt med hund for utanbygds utover desse periodene. Så snart trekninga er klar blir resultatet lagt ut her på heimesida. Dei som er heldige å bli trekt ut får tilsendt tilbud i posten. Det blir ikkje senda skriftleg avslag til dei som ikkje blir trekt ut, men trekningslista ligg ute slik at den som vil kan gå inn og sjekke kven som har fått tildelt jaktkort. Vågå fjellstyre mottek årleg mellom 150-180 søknadar som omfattar ein 300-350 søkjarar (mange søkjer fleire saman som lag).

Harejakta startar 11. oktober. Fyrste veka er det totalt 25 kort fordelt på tre felt, desse blir fordelt etter loddtrekning og med søknadsfrist som for rypejakta(1.april). Frå 18. oktober til 23. desember er det fritt kortsal.
Nordherad statsallmenning går inn som ein del av Nordherad fellesområde. Det er og der fritt kortsal for jakt utan hund i frå 15.september til 28. februar. Dette området er ikkje åpna for jakt med fuglehund.












