Planteliv
Dei store variasjonane i berggrunn, topografi og klima gjer at området har ein svært variert flora. Ingen stad i Skandinavia kryp vegetasjonen høgare oppover enn i Jotunheimen, og med høgderekord for fleire planteartar. Det er i Jotunheimen funne over 40 blomsterplantar over 2.000 meter. I dei bratte fjellsidene langs Gjende finst typiske låglandsartar som liljekonvall, markjordbær og tysbast.
Mogop Mogop pryder fylkesvåpenet til Oppland, og finst lokalt i store mengder. I Vågå kallast han geitblome. Mogopen tilhøyrer soleiefamilien, er fleirårig og treng næringsrik jord. Den blomstrar så snart snøen forsvinn i mai – juni og opptrer i store mengder på tørre plassar. |
|
![]() | I dei stupbratte fjellsidene langs Gjende finst fjelldronning i tusenvis på seinsommaren. Fjelldronninga er Noregs nasjonalplante. Dette er ei utprega norsk plante og er ikkje så vanleg elles i Europa. |
|
|















