• image
  • image
  • image
  • image
  • image
  • image
  • image

Om oss

Vågå fjellstyre forvaltar, etter Fjellova, bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Skogen i Langmorkje blir forvalta som bygdeallmenning, der Langmorkje almenning har eige sagbruk i Randsverk. Sjølve grunneigarretten, dvs. grunndisponeringssaker blir administrert av Statskog Sør-Norge. 

Dei viktigaste oppgåvene for fjellstyret er å administrere bruken og utnyttinga av statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og allmenta, på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene. Inntektene til fjellstyret går inn i "fjellkassa". For Vågå fjellstyre er dei største inntektspostane festeavgift på hytter, elgjakt, småviltjakt, fiske og refusjon for oppsynsoppgåver. Fjellstyret har ei årleg omsetning på ca. 2 millionar kroner.


Vågå fjellstyre – valde for perioda 2011– 2015

 

 Medlemmar    Personlege varamedlem
 Sverre Damstuen, leder  Sverre Braaten
 Berit Runningen, nestleder  Kari Lillebråten
Olav Ragnar Øien  Kjell Rindhølen
 Unni Plassen Brennsletten  Kåre Ramen
Jostein Smedsmo Kjetil Gutubø


 Tilsette  

  Telefon

 Knut Øyjordet    Fjelloppsyn, dagleg leiar

90966277

 Erik Myrum        Fjelloppsyn

 90739335

Dei tilsette driv oppsyn og tilsyn med statsallmenningane, samt utfører
sekretær- og rekneskapsarbeidet for fjellstyret. 
Fjellstyret har kontor på Vågå kommunehus.
Telefon: 61 29 37 37
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.