| |
Jakt på elg og hjort
Langmorkje statsallmenning er inndelt i åtte jaktfelt for jakt på elg og hjort,
der fem av dei åtte felta blir tildelt innanbygds jaktlag, medan tre felt er
”ope for alle”. Jaktfelta blir tildelt på tre og tre år, og alle er ledige same
året, dvs. i 2004, 2007, 2010 osv. Så sant ikkje jaktlag trekkjer seg i
treårsperioden, er det først i 2007 at det blir ledig jaktfelt i Langmorkje
statsallmenning.
For
elg- og hjortejakta blir annonsering, mottak av søknader og trekking ordna samla
for alle statsallmenningane, medan inngåing av kontrakt med jaktlag,
fakturering, veging av dyr, innsamling av underkjevar osv. normalt skjer lokalt
frå det enkelte fjellstyre.
Informasjon om ledige jaktfelt og søknadsprosedyre får ein på iNatur (www.inatur.no)
eller hjå ”Elgjakt på statsallmenning”,
Høvdingveien 10, 7725 Steinkjer. |
 |
|
|