| Spesielle attraksjonar og turtilbod |
|
|
|
Sjodalsområdet har mange attraksjonar med basis i natur og kultur. Mange av desse utgjer ”bakteppet” for turismen, utan å vera spesielt tilrettelagde for det. Som eksempel kan nemnast dei mange fangstgravene, bua etter den legendariske Jo Gjende, litteratur med tilknyting til området (eks. Ibsens Peer Gynt), kulturlandskapet rundt setrene, gammal og stor fjellfuruskog, spesielle kvartærgeologiske førekomstar og ymse verneområde. Som eksempel på lett tilgjengelege og marknadsførte attraksjonar og friluftsområde kan nemnast Ridderspranget, Besseggen, Gjende og Hulderstigen. Ridderspranget Ridderspranget er skilta frå riksveg 51. Ved parkeringa er det ei enkel tilrettelegging med informasjon, benkar/bord, toalett og avfallscontainer. Frå parkeringsplassen er det ein kort spasertur fram til juvet. Det er ei viss sikring på juvkanten. Vi åtvarar på det sterkaste mot å prøve på å hoppe over juvet. Det er livsfarleg.
Hulderstigen kallast den 5,5 km lange natur- og kulturstigen som startar ved Russlia i Sjodalen. Den vart opna i 1992, og traseen går i lett turterreng med ei sløyfe rundt Nedre Birisjøtjønn, der det er tilrettelagt ein liten rasteplass. Det er sett opp 15 informasjonstavler undervegs, med opplysningar om natur- og kulturhistoriske emne knytt til Sjodalsområdet. Ca. 1 km går i Stuttgonglia naturreservat. Kvar sommar er det ca. 20 personar som går stigen dagleg. Du finn fleire bilde frå Hulderstigen i fotogalleriet vårt.
Gjende (av gammalnorsk gandr = rett, bein) er ein markant fjellsjø, 984 m.o.h. Innsjøen er 18 km lang og inntil 149 meter djup og strekkjer seg innover i Jotunheimen nasjonalpark. Breslammet frå elva Muru gjev vatnet ein spesiell grøn farge. Turen med M/S Gjende gjev eit mektig ”fjord”-inntrykk høgt til fjells. Omtrent midtvegs mellom Gjendesheim og Memurubu ser ein godt Besseggen. |
||
| Sist oppdatert den lørdag 07. oktober 2006 21:35 |





