eldorado

Fjellstyret har seks hytter for utleige, dvs. Forsthytta i Randsverk, ”Gjetarhytta” ved Nedre Leirungen, Vargebue, Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbue. Dei tre sistnenmde blir leigd ut berre til innanbygds. Forsthytta, Gjetarhytta og Vargebue er lagt ut for booking på Inatur. Utleigeperioda for Gjetarhytta er i tida 1. oktober - 31. mai. I 2017 vil det sannsynlegvis bli gjort noko vedlikeholdsarbeid på denne, og det er difor opna for utleige berre ut april. Vargebua er prioritert småviltjegere i perioden 14.09-27.09, og dei som ynskjer å leige bua i den perioden må sende ein søknad innan 15. juni. Dersom det er fleire søkjarar skjer tildelinga ved loddtrekning. Etter søknadsfristen blir Vargebua leigd ut på vanleg måte.

Søknadsfrist for innanbygds (gjeld Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbua) er 15.juni. Dersom pågangen er stor blir dei leigd ut for to og to døgn, og evt. etter loddtrekning. I perioder når pågangen er mindre, blir hyttene leigd ut til dei som melder seg fyrst, og kan bli leigd ut for fleire døgn om gongen. Dei som søkjer tre veker før aktuell leigedato har fortrinnsrett. 

Dersom det er stor pågang for vinterferien og påska blir hyttene tildelt for fem døgn om gongen, og etter loddtrekning.

For alle hyttene er nøkkel i ein boks ved døra. Koda får du oppgjeve direkte på kvitteringa, ved bestilling av hytta (Gjeld Forsthytta, Gjetarhytta og Vargebue). Dei som leiger Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbue får oppgjeve koda som SMS (gjeld innanbygds).

Prisar frå 01.11.2016 (inkl. moms):

  Innanbygds Utanbygds
Forsthytta 400,- 500,-
Vargebua 350,- 500,-
Gjetarhytta Nedre Leirungen 350,- 500,-
Vågåbua 350,-
Gjendeosbua 400,-
Bessvassbua 400,-

 

I hyttene er det kjøkenutstyr, utstyr til golvvask/ oppvask, gass til kokeapparat, og lampeolje/ stearinljos. Oppvarming av hyttene skjer med vedomn/ peis, og det er ved i alle hyttene. Ingen av hyttene har innlagt vatn, vatn må hentast i næraste bekk eller tjønn/ vatn. Forsthytta og Gjendeosbua har, som einaste av hyttene innlagt strøm, slik at det der er ljos, kjøleskap og ein hybelkomfyr til å kokke på, i Vågåbua er det solcelleanlegg. Sengene har madrass og puter (dyner i Gjendeosbua). I sommarsesongen blir nøkkel lagt ut ved sentralbordet på kommunehuset i Vågåmo, eller levert ut etter nærare avtale. Nøkkel til Vargebua og hytta ved Nedre Leirungen kan, i sommar-/ haustsesongen hentast på Besseggen fjellpark/ Maurvangen, elles etter nærare avtale.

 

Trykk HER for å gå til søknadsskjema for Bessvassbua, Gjendeosbua, Vågåbua, og Vargebua.

Forsthytta

Forsthytta nytt tak

Forsthytta ligg i Randsverk, like ved Fuglsetervegen. Gammal, men triveleg  hytte med enkel standard. Strøm, ikkje innlagt vatn, utedo. Sengeplass til 6 (to familiekøyer) i eitt soverom.

Bestill via Inatur her: Bestilling Forsthytta.

 

Vågåbue

vagabua

Hytta ligg i vestenden av Gjende. Hytta er på ca. 40 m2, med to soverom og fire sengeplassar + madrassar. Solcelleanlegg. Til bruk for innanbygdsbuande.

 

Bessvassbue

2011 11_14_1681

Hytta ligg ca. 500 meter vest for Bessvassosen, på nordsida av Bessvatnet. Det vart bygd ny hytte i 2011. Til bruk for innanbygds. Til utleige sommar og haust, for innanbygdsbuande.

 

Hytte Nedre Leirungen

leirungsbua

Hytta er ei av fleire hytter som ligg samla ved Nedre Leirungen. Den er på ca. 45 m2, med eitt soverom og fire/ fem sengeplassar. Hytta blir nytta av gjetarlaget i perioden 1. juni – 1. oktober.

Bestill via Inatur her: Bestilling Leirungsbua

 

Vargebue

Vargebua vinter 15

Hytta ligg i Leirungsdalen, ca. 1 km vest for parkeringsplassen i Vargebakkane. Den er på ca. 25 m2, med eitt soverom og tre sengeplassar + madrass. Hytta er eit fint utgangspunkt for turar og jakt/fiske. Reservert for småviltjegerar i perioden 14.09-27.09, bruk eige søknadsskjema om du ynskjer å leige i den perioden, søknadsfrist 15.06.

Bestill via Inatur her: Bestilling Vargebua . 

 

Gjendeosbue

nyegjendeosbua

Hytta ligg ved Gjendeosen, litt opp for vestenden av parkeringsplassen. Den er på ca. 36 m2, med to soverom, og fire/ fem sengeplassar. I hytta er det innlagt strøm, men ikkje vatn. Do i uthuset. Til bruk for innanbygdsbuande.

 

Trykk HER for å gå til søknadsskjema.

 

 

space

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a