eldorado

 
RETNINGSLINER FOR SØKNAD OG BEHANDLING AV TILSKOT

Etter fjellova § 11, 3. ledd kan fjellstyret løyve midlar til diverse formål. 3. ledd lyder slik: "Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene".

Departementet har delegert dette samtykket til Statskog. Det er slik at fjellstyra årleg kan disponere 3 % av bruttoinntektene til allmennyttige formål, og må innhente godkjenning frå Statskog dersom ein vil gå ut over desse rammene.
Det er vanskeleg å setje ei klar grense for kva for type tiltak som kan støttast som eit ledd i næringsutvikling. Statskog har sett opp tre klare eksempel på formål som ikkje kan kome inn under næringsutvikling: tilskot til ambulanse, tilskot til skytebaneanlegg og hjelpekorps. Derimot vil tilskot til for eksempel ein turistinformasjon, som har til formål å betre forhold for turistnæringa, kome inn under midlar til næringsutvikling.

Fjellstyret har i fleire år gjeve tilskot til diverse tiltak, m.a. til gjetarordning, setervegar og til skiløypepreparering. Fjellstyret ynskjer å behandle alle søknadane samtidig, dette for å kunne vurdere søknadane opp mot fjellstyret sin samla økonomi, eventuelt overskot frå året før og ikkje minst i samband med behandling av budsjettet. Dette blir normalt behandla i mars/april, etter at rekneskapet for året før er revidert. I sak 08-02 fastsette difor Vågå fjellstyre følgjande retningsliner:

  • 1. Søknadsfrist 1. mars, dvs. at søknaden skal vera innkome til fjellstyret innan 1. mars.
  • 2. Søknaden skal som eit minimum innehalde følgjande:
    -Kva søknaden gjeld
    -Når tiltaket skal gjennomførast
    -Oversikt over kostnader
    -Finansieringsplan
  • 3. Dersom fjellstyret vedtek å gje tilskot, vil summen fyrst bli utbetalt når tiltaket er fullfinansiert og sett i gang.
  • 4. I enkelte tilfelle kan det før fastsetjing av endeleg tilskotssum og utbetaling av tilskot bli stilt krav om dokumentasjon av utgifter.
  • 5. For enkelte tiltak kan det krevjast å få sluttrapport.
  • 6. For søknader om tilskot til setervegar og til driftestyret, blir det stilt same krav som tidlegare, dvs. søknadsfrist 1. mars, samt at rekneskapen for siste år skal følgje søknaden som vedlegg saman med saldoutskrift ved årsskifte.
  • 7. Alle søknader vil normalt bli behandla samla i samband med behandling av budsjettet i mars/april. For søknader om tiltak det er ønskjeleg å få fleire opplysningar om, kan det vera aktuelt å behandle søknaden seinare.
  • 8. Søknader som kjem inn etter 1. mars blir normalt behandla året etter. I særlege tilhøve kan fjellstyret behandle søknaden same året.
  • 9. Ved behandling av søknadene vil fjellstyret vurdere og fastslå kva for tiltak som er "ledd i næringsutvikling" og kva som er tiltak til "allmennyttige formål".
  • 10. Dersom fjellstyret har hatt overskot året før, og det blir budsjettert med eit overskot det påfølgjande år, er fjellstyret innstilt på å nytte inntil 3 % av bruttoinntektene til såkalla "allmennyttige formål". Fjellstyret kan i enkelte år gå over grensa på 3 % dersom Statskog samtykker.

 

No result...

space

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a