eldorado

Vågå fjellstyre forvaltar, etter Fjellova, bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Skogen i Langmorkje blir forvalta som bygdeallmenning, der Langmorkje almenning har eige sagbruk i Randsverk. Sjølve grunneigarretten, dvs. grunndisponeringssaker blir administrert av Statskog SF. 

Dei viktigaste oppgåvene for fjellstyret er å administrere bruken og utnyttinga av statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og allmenta, på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene. Inntektene til fjellstyret går inn i "fjellkassa". For Vågå fjellstyre er dei største inntektspostane festeavgift på hytter, elgjakt, småviltjakt, fiske og refusjon for oppsynsoppgåver. Fjellstyret har ei årleg omsetning på ca. 3,5 millionar kroner. Meir utfyllande info. om drifta er å finne under fjellstyresaker/ PDF-arkiv.


Vågå fjellstyre – valde for perioda 2015-2019

 

 Medlemmar    Personlege varamedlem
Ivar Vistekleiven, leder  Frode Sandum
Ketil Gutubø, nestleder  Rune Holen
Helny Edit Svaet  Hans Petter Vaberg
Steinar Håkenstad  Jon Gustav Bjørnstad
Kjersti Aasvang Dalen Lisbeth Øygarden


 Tilsette  

  Telefon

 Knut Øyjordet    Fjelloppsyn, dagleg leiar

90966277

 Erik Myrum        Fjelloppsyn

 90739335

Vidar Rugsveen   Fjelloppsyn/ sesongarbeidar (01.05-31.10)

91727427

Dei tilsette driv oppsyn og tilsyn med statsallmenningane, samt utfører
sekretær- og rekneskapsarbeidet for fjellstyret. 
Fjellstyret har kontor på Vågå kommunehus.
Telefon: 61 29 37 37
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
 


 

No result...

space

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a 

yousef al otaiba