eldorado

Vågå fjellstyre har dei siste åra seld mellom 900 og 1300 jaktkort for småviltjakt. Dei fleste av desse korta er 1- og 3-døgnskort for utanbygdsjegarar utan hund. For innanbygdsjegarar er kortsalet ganske stabilt på 90-120 kort i året, dei fleste av desse er sesongkort. For jakt med harehund etter den 18. oktober varierer kortsalget noko, avhengig av jaktforholda utover hausten. Jakt med fuglehund for utanbygds, og jakt med harehund fyrste veka, frå 11. oktober er begrensa. Det er årleg seld 70 kort for jakt med fuglehund til utanbygds, og 25 kort for jakt med harehund den fyrste veka.

Interessa for småviltjakt er stor. Vågå fjellstyre har teke eit bevisst valg om å la området  vera tilgjengeleg for jegarane, og har valt å behalde ordninga med fritt kortsal for støkkjakt. Sjølvsagt heile tida vurdert opp mot det jakttrykket ein meiner bestanden tåler. For å begrense jakttrykket noko, har ein dei siste åra nytta seg av dagskvote på rype.

Det er dei fyrste dagane i jakta ein opplever mest folk i fjellet. Om ein ser på 1- og 3-døgnskort for utanbygds jegarar utan hund viser det seg at omlag 40% av desse korta blir løyst med tanke på jakt frå 15.-17. september. Tek ein med perioda fram til og med andre helga i jakta er ca. 50% av korta løyst for desse fyrste dagane, i tillegg kjem vekeskorta og dei som løyser sesongkort. Det seier seg sjølv at ein i desse dagane vil måtte rekne med å sjå ein del andre jegarar i fjellet. Vi veit og at det er lett for at jegarane samlar seg på dei mest kjende, og lettast tilgjengelege plassane i terrenget.

I tillegg til korta som er seld i Langmorkje sel Vågå fjellstyre jaktkort i Nordherad på nordsida av Ottadalen. Fjellstyret samarbeider der med Nordherad Grunneigarlag og Nordherad bygdeallmenning om jaktkort for det som blir kalla Nordherad fellesområde.

Dei som vil sjå heile statistikken, som viser kortsalget for dei siste åra, finn den her: pdfJaktkortstatistikk2016 

jakt1

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a