eldorado

eglane for småviltjakt blir delt ut ved kjøp av kort. Ved kjøp av kort på iNatur, må reglane skrivast ut. Nedanfor følgjer reglane for utøving av småviltjak i Langmorkje statsallmenning, som fjellstyret har vedteke i medhald av Fjellova.


1. Jakttider
Rype
Jakt utan hund, innan- og utanbygds: 15/9 – ut februar.
Jakt med hund, innanbygds: 15/9 – 23/12.
Jakt med hund, utanbygds: 15/9 – 24/9 (70 kort a 5 dagar, etter søknad).

Skogsfugl
All jakt på skogsfugl varer til og med den 23/12, elles gjeld dei same jakttidene som for rype.

Hare
Jakt utan hund, innan- og utanbygds: 15/9 – ut februar.
Jakt med hund, innanbygds: 1/10 – ut februar.
Jakt med hund, utanbygds: 11/10 – 17/10 (25 kort, etter søknad) og 18/10 – 23/12 (fritt kortsal).

Andre arter
Det kan bli jakta på dei artene som det i forskrifter frå Miljødirektoratet er gjeve løyve til å jakte på i distriktet. For alle desse artene er tidlegaste jaktstart den 15/9. Jakt og fangst på rev og kråke kan starte 15. juli, jakt og fangst på mink kan utøvas heile året. Både innan- og utanbygds kan jakte røyskatt og mår til og med 15. mars, kråke til og med 31. mars, og rev til og med 15. april (også fangst).
 
Jaktkort for jakt med hund gjeld også rett til jakt utan hund i den tida og i det jaktområde som jaktkort med hund er gyldig. For innanbygds gjeld sesongkort for jakt med hund også som sesongkort for jakt utan hund.


2. Jaktområde
For utanbygds jegerar med hund er statsallmenningen inndelt i tre felt (A, B og C). Feltinndelinga gjeld ikkje for innanbygds jegerar, utanbygds jegerar med harehund etter 18/10, og utanbygds jegerar utan hund. Grensene mellom dei ulike felta er avmerkt på jakt- og fiskekartet.

3. Bruk av hund
Jaktkort for jakt med hund gjeld bruk av ein hund om gongen. Etter samtykke frå fjellstyret ved fjelloppsynet kan det samtidig nyttast ein unghund for opplæring. Alle som deltek i jakt med hund, må ha jaktkort for jakt med hund.


4. Fangst
Fellefangst er lov i den tida og etter dei forskriftene Miljødirektoratet har fastsett. Småviltjaktkortet gjeld også for fangst. Snarefangst av rype er ikkje lov.
 
5. Jaktrapport
Jaktrapport (fangststatistikk) frå jegerane er eit viktig hjelpemiddel i forvaltninga av småviltressursane. Legg difor vekt på å få desse så korrekte som råd. Riktige opplysningar er nødvendige for best mogleg å kunne analysere forholda, og på dette grunnlag gje jegerane eit godt jakttilbod.
 
6. Anna
Fjellstyret sitt jakt- og fiskekart som m.a. viser feltinndeling, er lagt ut for sal hjå alle kortseljarane. Kartet er i målestokk 1:100.000.
Ved jaktstart går det ennå att beitedyr i utmarka og statsallmenningen er beiteområde for tamrein. Vis omsyn til dette under jakta slik at unødige konflikter ikkje oppstår.
Vis elles omsyn til andre jegerar og anna jaktutøving, og til andre former for fritidsutøving. Bruk naturvett og ta med deg tomhylser og anna søppel.
Ytterlegare opplysningar kan du få ved å kontakte fjelloppsynet, tlf. 61293737 (kontor) eller 90966277/90739335 (mobil).

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a