eldorado

I Langmorkje statsallmenning er det fritt kortsal for småviltjakt utan hund, jakttida er frå 15.september til 28. februar. Vågå fjellstyre har dei siste åra hatt dagskvote på rype for alle jegarar. For jaktåret 2016/17 er det dagskvote på 2 liryper/ fjellryper pr. dag.

Når det gjeld rypejakt med hund for utanbygdsbuande har Vågå fjellstyre totalt 70 kort som blir fordelt etter loddtrekning, søknadsfristen er 1. april. Dei 70 korta er fordelt på to 5-døgns perioder, og med jaktstart den 15. september. Periode 1 går da frå 15.-19. og periode 2 frå 20.-24. september. Utanbygds jegarar med hund er fordelt på tre felt (sjå kartet som ligg under "Diverse" for å sjå nåverande feltinndeling). Det er for tida ikkje åpna for rypejakt med hund for utanbygds utover desse periodene. Så snart trekninga er klar blir resultatet lagt ut her på heimesida. Dei som er heldige å bli trekt ut får tilsendt tilbud i posten. Det blir ikkje senda skriftleg avslag til dei som ikkje blir trekt ut, men trekningslista ligg ute slik at den som vil kan gå inn og sjekke kven som har fått tildelt jaktkort. Vågå fjellstyre mottek årleg mellom 150-180 søknadar som omfattar ein 300-350 søkjarar (mange søkjer fleire saman som lag).

Vågå fjellstyre har ei ordning med treårsavtaler for utanbygds jegerar som får tildelt jakt med fuglehund. Det fungerer slik at kvart år blir eitt felt i kvar periode trekt ut med tilbud om treårsavtale, felt/periode rullerer etter eit fast mønster. Dei som blir uttrekt kan difor ha jakt samanhengjande i same feltet/ jaktperioden i tre år. Det vil og kvart år vera ein del kort som er ledige for eitt eller to år, etter som jegerar av ulike grunnar takkar nei til kort andre eller tredje året. Ein kan difor få tilbud om jakt i eitt, to eller tre år, alt etter som når ein blir trekt ut, og evt. kvar/ når ein ynskjer å jakte

 

Oversikt over felt/ periode som skal trekkjast med tilbud om treårsavtale dei neste tre åra:

År Periode 1 Periode 2 Ant. ledige kort
2017 A B 25
2018 B C 25
2019 C A 20

 

 

 

 

 

Mi1

Harejakta startar 11. oktober. Fyrste veka er det totalt 25 kort fordelt på tre felt, desse blir fordelt etter loddtrekning og med søknadsfrist som for rypejakta(1.april). Frå 18. oktober til 23. desember er det fritt kortsal. Harejakta for utnbygds med hund i begrensa periode blir trekt med tilbod om tre år, evt. ledige kort dei åra det ikkje er trekning blir tildelt fortløpande etter som jegarane melder seg. Det var "hovudtrekning" av harejakta i 2014, neste 3-årsperiode startar da i 2017.

haustrype1

Vågå fjellstyre administerer og småviltjakta i Nordherad Fellesområde. Dette er eit mindre område på nordsida av Ottadalen, og er eit samarbeid mellom Nordherad Bygdealmenning, Nordherad Grunneigarlag og Vågå fjellstyre (Nordherad statsallmenning). Jakttida er frå 15.09 -28/29.02, jaktområdet er avgrensa av Vågåvatnet i sør, Finna i nord og grensa mot Lom kommune i vest. Det er her kun opna for støkkjakt på rype/ skogsfugl, det er lov med hund på harejakt, også for utanbygds,  frå 1.10 - 23.12 ( det er ikkje lov med harehund mellom Vågåvatnet og øvre Nordheradsvegen). Jaktkort for Nordherad fellesområde får ein kjøpt på YX i Vågåmo

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a