eldorado

Rådyrjakta i Langmorkje er inndelt i tre felt, dvs:

Felt 1: ”Heimfjellet”, dvs. nordre del av statsallmenninga, med riksveg 51 og Slomsetervegen som grense mot sør.

Felt 2: Lemonsjø-/Randsverkområdet, med riksveg 51 og Slomsetervegen som nordleg grense, Fuglesetervegen og riksveg 51/fylkesveg 257 som sørleg grense.

Felt 3: Sjodalen, dvs. området sør for Fuglesetervegen – riksveg 51/fylkesveg 257.

 


Årleg kvote er på ca. 30 dyr. Jakttida er 25.09 – 23.12, og med adgang til bruk av hund frå 01.10. Ca. halvparten av kvoten blir tildelt som bukkejakt med jakttid 10.08 – 24.09 og eventuelt vidare fram til jul som ordinær rådyrjakt dersom dyret ikkje blir felt i bukkejakta. Jaktkorta blir tildelt ved loddtrekning. Kortprisen er kr. 500,- for bukkejakt og kr. 400,- for ”ordinær” jakt. Det er lik tilgang for innan- og utanbygds. Søknad om rådyrjakt skal sendast til fjellstyret innan 15. juni, som e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. . Gje opp namn, adresse, telefon, ønskje om felt, og om søknaden gjeld bukkejakt. Fleire kan søkje i saman som jaktlag, skriv namn og adresse på alle i laget. Etter at søknadsfristen er ute blir evt. ledige kort delt ut fortløpande.

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a