eldorado

Etter Hundelova er det krav om fjellstyret sitt samtykke for å drive jakthundtrening i statsallmenning (Hundelova sin § 8, 1.ledd: jakthundtrening, jakthundprøver, og dressur kan bare foregå med samtykke av grunneieren eller den som har en allmen bruksrett til eiendommen. For statsallmeningane gis samtykke av fjellstyret.)

Vågå fjellstyre har opna for fuglehundtrening i to perioder, haust og vinter, mot løysing av kort. Treninga skal skje utan gevær, og det er lov å ha ein hund laus om gongen.

Haust:
Om hausten f.o.m 21. august t.om. 14. september skal treninga foregå i treningsfeltet i området Hoskelia/Maurvangen mot grensa til Øystre Slidre. Det er treningsfeltet som vart etablert i 1966, og er nok kjent område for mange fuglehundeigarar. Feltet er avgrensa slik: Nedre grense er Øvre Sjodalsvatn, Sjoa elv opp til Maurvangsbrua,og Valdresflyvegen (Rv. 51) fram til grensa mot Øystre Slidre.

 I nord går grensa frå Hoskeodden og følgjer Hoska/ Storskriubekken mot Sikkilsdalsmunnen opp til grensa mot Nord-Fron. Følgjer så Nord-Fron si grense mot pkt. 1843 Heimdalshø, frå der i rett line ned til Sandbakkbekken. I sør er grensa mot Øystre Slidre.

Vinter:
Frå vinteren 2009 vart det opna for trening av fuglehund i perioden 1. februar til 31. mars. Treninga kan da foregå
i heile Langmorkje statsallmenning, med unntak av den delen av almenninga i Vågå som ligg innanfor Jotunheimen nasjonalpark.

Kortsal og prisar:
Kort får ein kjøpt på  Randsverk kiosk og camping, Bessheim, Besseggen fjellpark/ Maurvangen og på fjellstyret si side for kjøp av jaktkort på Inatur ved å trykkje her. Prisane er kr. 50,- pr. døgn, eller kr. 200,- for eit periodekort. Innanbygds løyser eige kort.


Generelle reglar:

I februar kan det foregå småviltjakt utan hund i området. Ta hensyn til evt. jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe for utøving av jakt.
Innanfor treningsområdet kan ein også treffe på tamrein. I tamreinområde gjeld særskilde reglar for aktsemd, ved ferdsel, og bruk av hund. Det er gjeve reglar om dette både i Hundelova, og Reindriftslova.

Hundelova, § 7. Særlig om sikring av hund der tamrein beiter
I områder der tamrein lovlig beiter, skal hundeholderen se til at hunden ikke unødig uroer eller skremmer rein, selv om den er under kontroll eller bundet. Reinens eier kan kreve at en hund som uroer rein, blir holdt innestengt mens rein blir flyttet forbi bosted, seter eller hytte. Fylkesmannen kan gi forskrift om at hunder skal holdes i bånd eller forsvarlig innestengt eller inngjerdet når hensynet til reindriften tilsier det. 
Om ferdsel med hund i område hvor tamrein beiter, gjelder også reindriftsloven § 65.

Reindriftsloven § 65, 1. ledd. Ferdsel i område hvor rein beiter   De som ferdes i område hvor rein beiter, plikter å vise hensyn og opptre med varsomhet slik at reinen ikke unødig uroes eller skremmes under beiting, flytting mv. Særlig hensyn skal vises i forbindelse med reinens brunsttid, kalving, merking, skilling og slakting.

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a