eldorado

Sjodalen er frå gammalt ein svært markant seterdal, og området er kjend for sine store seterhus. Den spesielle tradisjonen med vintersetring (”vinterlego”) heldt seg fram til 1930-åra. Det var mykje enklare å flytte til setra med buskapen enn å kjøre den lange vegen heim med fòret. Dei reiste til setra i første halvdel av november og var der til ut i februar. Vintersetring er spesielt for Gudbrandsdalen, og det er ingen stad dette har vore drivi i så stort omfang som i Vågå.

I Langmorkje statsallmenning er det i dag totalt ca. 160 setrer. Om lag 30 av desse er i tradisjonell bruk med mjølkeproduksjon. Det er to fellessetrer for geit i Griningsdalen. Dei aller fleste setrene blir hausta/beita. Større etterspørsel etter sommarmjølk kan føre til at fleire startar med mjølkeproduksjon på setra. Dei viktigaste beiteområda for sau er Leirungsdalen, Russdalen, Hindflyene, Refjellet og Heimfjellet. For enkelte område i Sjodalen er saudrifta organisert med tilsyn av gjetar. Fjellstyret har gjennom fleire år gjeve økonomisk støtte til gjetarordninga.

 Etter kvart som byane voks fram i førre hundreåret, utvikla det seg ei anna utnytting av fjellet. Det gode fjellbeitet var ein viktig ressurs som bygdefolket visste å nytte. Driftekarane kjøpte opp fe om vinteren, og utpå forsommaren dreiv dei krøterflokkane til fjells. Her overnatta dei i enkle steinbuer. I Leirungsdalen finst det restar etter slike felæger. Før jernbana kom dreiv dei fedriftene sine over fjellet for å kome til kjøparane, ofte heilt til Kristiania.


Vågå tamreinlag (nå Vågå Tamrein AS) som vart skipa i 1942, nyttar store delar av snaufjellet i Langmorkje statsallmenning. Kalvinga om våren skjer inst i Sjodalen, hovudsakleg i Leirungsdalsområdet og i området rundt Heimdalshø. Sommar- og haustbeitet er på aust- og sørsida av Sjodalen og om vinteren på vestsida heilt fram til og med Heimfjellet, dvs. i Lemonsjøområdet og framover mot bygda. Tamreinlaget har inntak for slakting på Valdresflya og ved Fuglesetrene i Randsverk.

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a